Hopp til innhald

Fagstoff

Yrkestransportlova – løyvereglane

Yrkestransportlova regulerer gods og persontransport med motorvogn og fartøy (båt) i Noreg. Føremålet med lova er mellom anna at det skal tilbydast ein trygg og god transport under like konkurransevilkår. Lova regulerer transportmarknaden i stor grad gjennom løyvereglane.

Yrkestransportlova blir utfylt av yrkestransportforskrifta, som går meir i detalj om løyvereglane.

Noregs lover med ei klubbe liggjande oppå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Løyvereglane regulerer tilgangen til marknaden, altså godstransportmarknaden og/eller persontransportmarknaden. Transportbedrifta må altså ha eit løyve frå styresmaktene for å drive transport. Løyvet blir då som ein "billett" inn i bransjen. For å få denne "billetten" må bedrifta oppfylle ein del krav i frå styresmaktene.

Ein person hos selskapet må stå som ansvarleg løyvetakar. Det må vere dagleg leiar eller ein person som har ein funksjon som transportleiar. Det er denne personen som må fylle kravet til til dømes fagleg kompetanse.

Generelle vilkår for å kunne få løyve:

  1. Du må drive ei fast og varig verksemd i Noreg.

  2. Du må ha god vandel.

  3. Du må ha tilfredsstillande økonomisk evne.

  4. Du må ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

Løyvetypar

Vi skil gjerne mellom løyve for gods- og persontransport, og det er òg forskjell på persontransport i og utanfor rute (turbuss).

Nokre løyve, som godsløyve, gir rett til å utføre transport, mens andre, som ruteløyve for buss, gir rett og plikt til å utføre transporten. Til dømes kan du fritt takke ja eller nei til eit godsoppdrag med lastebil, mens du køyre ei offentleg bussrute som du har fått tildelt løyve på, og som har publiserte rutetider.

Løyve for godstransport

Dette gjeld godstransport med motorvogn eller vogntog over 3 500 kg. Denne typen løyve blir òg kalla for fellesskapsløyve og gjeld innanfor EU-/EØS-området. Tidlegare fanst det eit nasjonalt løyve innanlands, og dersom du skulle ut av Noreg og inn i EU/EØS, måtte du ha eit fellesskapsløyve i tillegg. I dag har vi valt å gjere om dette slik at fellesskapsløyvet òg gjeld som nasjonalt løyve. Du treng med andre ord berre eitt fellesskapsløyve både i og utanfor Noreg.

Løyve for persontransport utanfor rute (turbuss)

Dette er løyve for turbil/turbuss, og det er òg eit fellesskapsløyve og byggjer på same prinsipp som godstransportløyve. Det er Statens vegvesen som er løyvestyresmakt for fellesskapsløyve i Noreg. Sjå eigen artikkel om fellesskapsløyve.

Løyve for persontransport i rute (rutebuss)

For å køyre bussruter må du ha ruteløyve for dei rutene du opererer. Ruteløyve er behovsprøvde på ruter under 80 km. For å få ruteløyve må du først ha turvognløyve. Ruteløyve gir rett og plikt til å drive den transporten løyvet gjeld. Altså må alle avgangar som er annonserte, bli køyrde.

Persontransport blir definert som rutetransport dersom han

  • er regelmessig

  • går på eit bestemt trafikksamband

  • er open for alle

  • har stoppestader som er fastsette på førehand

Ein buss kjem til haldeplassen. Informasjonstavla på haldeplassen gir informasjon om når dei ulike bussane kjem. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er den aktuelle fylkeskommunen der søkjaren høyrer heime, som er løyvestyresmakta, og som søknaden om løyve må sendast til. Dette gjeld òg viss ruta er fylkesoverskridande, men også går igjennom heimfylket, til dømes ei ekspressbussrute.

Om ruta i sin heilskap går i eit anna fylke, blir søknaden send til fylkeskommunen der rutestrekninga ligg. I ein søknad om ruteløyve må du leggje ved forslag til ruteplan og takstregulativ (billettprisar).

Tildeling av ruteløyve ved konkurranse

I praksis blir i dag det meste av lokal offentleg rutetransport, som skuleskyss, lagt ut på anbod frå fylkeskommunane. Det betyr at busselskapa må levere inn tilbod på å få køyre alle ruter i eit spesifikt område over ein viss tidsperiode på nokre år.

Det selskapet som "vinn" anbodet, er då det selskapet som får tildelt løyve i det området som anbodet gjeld, og dei må oppfylle krava som krevst. Det blir mellom anna stilt krav om tariffavtale for sjåførane ved tildeling av løyve gjennom anbodskonkurransar.

Ved alle typar løyvepliktig persontransport må du ha med gyldige løyvedokument i køyretøyet og kunne leggje dei fram for kontroll. Statens vegvesen utfører kontroll langs veg, både av turvogn og ruteløyve.

Løyve for persontransport utanfor rute (drosjeløyve)

Drosjeløyve gjeld for persontransport mot vederlag (betaling) utanfor rute, og med køyretøy registrert for opptil 9 personar inkludert føraren. Det er altså det største talet på seter i bilen du kan køyre på førarkort klasse B.

Biletet viser eit taxiskilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det kom store endringar i løyvereglane for drosje i 2020. Tidlegare var det behovsprøvd med drosjeløyve og fastsett eit visst tal på løyve på kvar stad, men dette er no fjerna. Den som ønskjer å søkje om løyve, og oppfyller krava, kan søkje om så mange løyve hen vil. Det er inga driveplikt lenger. Ein kan i utgangspunktet operere med "opningstider" for drosjekøyring.

Tidlegare var løyva òg delte inn i distrikt, der drosjene måtte "halde" seg i distriktet sitt. Dette er òg fjerna, og ein kan i utgangspunktet ta oppdrag i heile Noreg.

Det finst likevel nokre unntak, då fylkeskommunane kan gi einerett i nokre kommunar eller område. Dette kan bli gitt på stader der det viser seg at marknaden sjølv ikkje kan gi eit godt nok tilbod, og er gjerne på mindre stader og i kommunar med lågare folketal. Det selskapet som eventuelt får einerett i ein kommune, blir då verna mot konkurranse ved at andre drosjer ikkje kan ta oppdrag i dei aktuelle områda. Fylkeskommunane avgjer om og kvar det skal vere einerett, og lyser desse ut på anbod.

Det er krav til bilen som skal brukast som taxi: han skal mellom anna vere registrert som drosje og ha taksameter. Bilen skal vere merkt utvendig med løyvenummer. Skilt på taket er ikkje påbode, men det er vanlegast. Då skal det ha påskrift TAXI og løyvenummer. For å kunne køyre i kollektivfelt er det påbode med taklampe.

Kjelder

Yrkestransportlova. (2002). Løyve om yrkestransport med motorvogn og fartøy (LOV-2002-06-21-45). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2002-06-21-45

Yrkestransportforskriften. (2003). Forskrift om yrkestransport med motorvogn og fartøy (FOR-2003-03-26-401). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2003-03-26-401

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2021

Læringsressursar

Lover og reglar