Hopp til innhald

Fagstoff

Internkontrollforskrifta

Her lærer du om internkontrollforskrifta og kva internkontroll er. Du lærer òg om korleis du møter krava internkontrollforskrifta stiller til det praktiske arbeidet ditt som yrkessjåfør, kranoperatør eller logistikkoperatør.
Profilbilde for felles HMS-ressurser. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Internkontrollforskrifta

Internkontrollforskrifta ligg under arbeidsmiljølova og regulerer HMS – helse, miljø og sikkerheit – i bedrifta. Derfor blir gjerne internkontrollforskrifta òg kalla HMS-forskrifta. Alle bedrifter er i utgangspunktet underlagde internkontrollforskrifta og må opprette eit HMS-system.

Les om internkontrollforskrifta på nettsidene til Lovdata.

Internkontroll/HMS

Ulykker, skadar og forureining er uakseptabelt både for enkeltpersonar og for samfunnet. Derfor har samfunnet etablert reglar som skal

  • vareta sikkerheit
  • førebyggje ulykker
  • hindre skade på det ytre miljøet

For å sikre at alle som driv verksemd, følgjer reglane, har styresmaktene pålagt bedriftene å etablere ein internkontroll, altså eit HMS-system. Føremålet med systemet er å oppdage farar og setje inn tiltak i tide, før dei får utvikle seg til farlege situasjonar.

HMS – risikovurdering

Eit sentralt verktøy i HMS-arbeidet er risikovurdering av arbeidsplassen. Sjå Arbeidstilsynet sine sider om HMS. Her kan du lese meir om internkontroll, risikovurdering og korleis du set opp eit HMS-system. Du kan òg prøve det digitale verktøyet "risikohjelpa" for transport. Dette er eit hjelpemiddel for risikovurdering.

Meir informasjon

Sjå òg NHO Reiseliv sin informasjon om HMS.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor
Sist fagleg oppdatert 30.11.2021

Læringsressursar

Lover og reglar