Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova skal bidra til å sikre eit godt arbeidsmiljø, med trygge og rettferdige tilsetjingsforhold. Ho skal sikre eit inkluderande arbeidsliv og samarbeid mellom arbeidstakarane og arbeidsgivarane.
To menn med verneutstyr snakkar i lag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljølova

Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) er laga for å sikre eit godt arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar i Noreg.

Formålet med lova er å sikre eit arbeidsmiljø som gir arbeidstakarane vern mot mot fysiske og psykiske skadeverknader. Vidare skal lova sikre trygge tilsetjingsforhold og likebehandling i arbeidslivet. Lova seier òg at det skal leggjast til rette for tilpassingar i arbeidsforholdet knytte til føresetnadene og livssituasjonen til kvar enkelt arbeidstakar.

I arbeidsmiljølova finn du kva krav det blir stilt til arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. I tillegg står det kva rettar du har, og om plikta du har til å medverke til eit godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen.

Ein trygg arbeidsplass

Arbeidsgivar skal sørgje for at det blir utført systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid (HMS) på arbeidsplassen. Alle tilsette skal få opplæring i helse, miljø og tryggleik. Målet er at dei tilsette kan setje seg inn i systema som blir brukte på arbeidsplassen og utføre jobben på ein trygg måte.

Som arbeidstakar pliktar du til å aktivt bidra til å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø.

Dette er nokre av pliktene dine:

  • Du skal kjenne til kva rutinar og reglar som gjeld i verksemda og medverke til at tiltak blir gjennomførte.

  • Du skal bruke påbode verneutstyr, vise varsemd og elles medverke til å hindre ulykker og helseskadar.

  • Du skal straks gi beskjed til arbeidsgivar eller verneombod dersom du blir merksam på feil eller manglar som kan medføre fare for liv eller helse, og du ikkje sjølv kan rette på forholdet.

  • Du skal òg gi beskjed dersom du blir kjend med at det finst trakassering eller diskriminering på arbeidsplassen.

  • Du skal avbryte arbeidet dersom du meiner at det ikkje kan halde fram utan å medføre fare for liv eller helse.

Varsling

Som arbeidstakar har du rett til å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Dette kan til dømes vere når det er fare for liv og helse, klima og miljø, korrupsjon eller eit uforsvarleg arbeidsmiljø. Rett til å varsle betyr ikkje det same som at du har plikt til å gjere det.

Utfordringar til deg

  1. Kva meiner du er ein trygg arbeidsplass?

  2. Kven gjeld arbeidsmiljølova for?

  3. Kvifor er det viktig at du kjenner til føresegnene i arbeidsmiljølova?

Kjelde

Arbeidsmiljøloven. (2005). Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (LOV-2005-06-17-62). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-06-17-62

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2021

Læringsressursar

Lover og reglar