Hopp til innhald

Fagstoff

Fellesskapsløyve – løyve for gods- og turvogn

Alle som skal drive transport av gods og/eller personar mot vederlag, må ha løyve. For godstransport med tunge køyretøy og persontransport utanfor rute med køyretøy over ni sitjeplassar kjem dette løyvet i form av eit fellesskapsløyve som gjeld i heile EØS-området.

Reglane for fellesskapsløyve finn vi i yrkestransportlova og yrkestransportforskrifta. Føresegnene i desse byggjer på EU-reglar som vi finn i EU-forordninga (EF) nr. 1071/2009.

Det er Statens vegvesen som er løyvestyresmakt for fellesskapsløyve i Noreg. Desse gjeld som løyve både nasjonalt i Noreg, men også for grensepasserande transport og mellombels kabotasje innan EU/EØS. Altså gjeld fellesskapsløyvet som løyve i mesteparten av Europa.

Før 2015 måtte ein ha eit nasjonalt løyve som gjaldt i Noreg, og så måtte ein søkje fellesskapsløyve i tillegg om ein skulle krysse grensene og køyre ut i Europa. I dag er dette gjort om, slik at det er eitt og same løyve i Noreg og i resten av EØS-området.

Forsida av eit løyvedokument. Kopi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølve dokumentet er blått med påskrift på språket til det aktuelle landet, men det har lik form i alle EØS-land og kan derfor kjennast igjen i heile området. Originaldokumentet skal oppbevarast i lokala til transportselskapet. Ein attestert kopi skal liggje i køyretøyet.

Fellesskapsløyve for godstranssport med motorvogn

Skal du drive godstranssport mot vederlag (betaling) med køyretøy over 3 500 kg totalvekt, må du ha dette løyvet. Det gjeld altså i utgangspunktet for køyretøy som er tyngre enn person- eller varebil. Merk deg at dette er totalvekta for vogntoget, så viss du køyrer gods med ein varebil, treng du ikkje løyve. Men om du koplar ein tilhengjar på varebilen, og bilen og hengjaren får over 3 500 kg totalvekt til saman, må du ha løyve.

Fellesskapsløyve for persontransport utanfor rute / turvogn

Du må òg fellesskapsløyve for å drive med persontransport utanfor rute med køyretøy over ni sitjeplassar, altså for det vi kallar turbuss. Det gjeld då både om du bruker minibuss eller stor buss til turvognverksemda. Du må ha eitt løyve per buss, og vilkåra er like som for løyvet for gods.

Turkøyring blir gjerne kjenneteikna som transport av grupper med passasjerar der turen er bestilt av ein kunde, eller der turen er arrangert av transportøren sjølv med påmelding.

Med vederlag tenkjer ein stort sett på betaling med pengar eller fakturering, uavhengig av om betalinga fører til overskot for drifta. Men det gjeld òg eventuelle andre godtgjersler for transporten, som tenester tilbake, betaling i form av gjenstandar, og så vidare.

Vilkår for å kunne få fellesskapsløyve/godsløyve/turvognløyve

Dei generelle vilkåra gjeld, og dei finst i yrkestransportforskrifta § 4: Dersom ikke særlige grunner taler mot det, kan løyve tildeles søker som

  • driver en fast og varig virksomhet i Norge

  • har god vandel

  • har tilstrekkelig økonomisk evne

  • har tilstrekkelig faglig kompetanse

Vi skal no sjå nærare på kva dei enkelte vilkåra betyr i praksis.

Driv ei fast og varig verksemd i Noreg

Dette vil i praksis seie at transportbedrifta må ha ei adresse og disponere lokale i Noreg der forretningsdokumenta til selskapet blir oppbevarte. Dette kan vere løyvedokument, rekneskap, køyre- og kviletidsdokumentasjon og andre dokument som norske styresmakter kan trenge for å utføre kontroll. Bedrifta må disponere minst eitt køyretøy som høyrer til den løyvepliktige drifta.

Verksemda må vere faktisk og varig, det vil seie at det er "ekte" drift og ikkje berre på "papiret", og ho må drivast frå ein driftssentral i Noreg. Bedrifta må ha naudsynt administrativt og teknisk utstyr for å kunne utføre drifta.

Med andre ord må det vere ei norsk, etablert bedrift, eller det må vere ei etablert norsk avdeling av ei utanlandsk bedrift.

Har god vandel

At ein har god vandel, betyr at ein blir sett på som skikka. God vandel betyr i dette tilfellet at ein ikkje har vorte dømt for kriminelle handlingar som er relevante for å kunne ha eit transportløyve.

Den som skal stå som ansvarleg løyvetakar hos bedrifta, skal ha funksjon som transportleiar, det vil seie at hen er ansvarleg for den daglege drifta av den løyvepliktige transporten. Det er ofte dagleg leiar i bedrifta som er løyvetakaren, men det kan òg vere ein annan person som har oppgåva som transportleiar i verksemda.

Både transportselskapet og transportleiaren må ha god vandel. Derfor må både selskapet og den løyveansvarlege (transportleiaren) levere politiattest når dei søkjer om løyve. Dette er for å vise at ingen av dei er dømde for saker som svekkjer god vandel.

Døme på saker som svekkjer god vandel, er om bedrifta eller leiaren er dømde for alvorleg misleghald av til dømes handelsrett, løns- og tilsetjingsforhold, køyre- og kviletidsreglar og FATS, ADR eller tekniske manglar på køyretøy. EU har òg laga ei liste over alvorsgrada på ulike lovbrot, som skal brukast i vurderinga av vandel.

I Noreg skal vandelen til transportføretak vurderast kvart tredje år. Om vandelen blir vurdert til å ikkje lenger vere oppfylt, kan løyvet bli kalla tilbake.

Nærare føresegner om vandel finst EU-forordninga artikkel 6: (EF) nr. 1071/2009 art. 6.

Baksida av eit løyvedokument. Kopi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har tilstrekkeleg økonomisk evne

Søkjaren eller innehavaren av løyvet må oppfylle kravet til økonomi. Dette gjeld då selskapet/bedrifta eller eventuelt enkeltpersonføretaket, og ikkje transportleiaren personleg.

Ved søknad om løyve skal søkjaren leggje fram ei garantierklæring frå bank eller forsikringsselskap tilsvarande 9 000 euro for det første løyvet til bedrifta. Om det skal takast ut løyve på meir enn eitt køyretøy, skal garantierklæringa svare til 5 000 euro per løyve. Summen blir fastsett i norske kroner ein gong i året av Samferdselsdepartementet.

I tillegg til garantierklæringa kan ein ikkje ha uteståande vesentlege gebyr eller avgifter, og ein kan ikkje ha ubetalt skatt. Ein kan heller ikkje vere under konkursbehandling. Når ein søkjer om løyve, må ein leggje ved attest frå skatteetaten.

For 2022 er garantisummen fastsett til 90 000 kroner for det første løyvet og 50 000 kroner for dei følgjande løyva. Dei gjeldande løyvesatsane finn du ved å opne dokumentet i dette rundskrivet frå departementet: Rundskriv N-1/2022 Garantisum for løyve 2022.

Garantien skal vise at selskapet er i stand til å oppfylle dei økonomiske pliktene sine. Slik kan kreditorar vende seg til den som har utferda garantien, ved manglande betaling eller viss transportselskapet går konkurs. Ved bankgaranti garanterer banken til selskapet for at garantibeløpet blir utbetalt til tredjeparten.

For å få bankgaranti må selskapet rekne med å stille med sikkerheit overfor banken. Det kan vere kontantinnskot på heile eller delar av beløpet, depositum eller pant i fast eigedom. Kva slags sikkeheit ein må ha, kjem an på kor stor risiko banken må ta for å garantere for beløpet. Eit nystarta selskap må nok rekne med å stille med meir sikkeheit enn eit veletablert, solid selskap. Det vil i tillegg vere gebyr for sjølve garantien, då bankgaranti er eit produkt bankane sel.

Ein kan òg teikne ein type forsikring, der ein betaler inn ein fast premie som ei vanleg forsikring, mot at forsikringsselskapet stiller med løyvegarantien. Då er det forsikringsselskapet eventuelle kreditorar må vende seg til om ein til dømes går konkurs.

Garantisten kan måtte betale ut til kreditorar opptil summen på løyvegarantiane.

Ein kreditor er ein du skuldar pengar. Det kan til dømes vere for ubetalte dieselrekningar viss selskapet går konkurs.

Har tilstrekkeleg fagleg kompetanse

For å få godkjend fagleg kompetanse må du etter 1. januar 2018 avleggje løyveeksamen på hos Statens vegvesen. Du må òg ha bestått teoriprøva for klasse C1, C, D1 eller D før du kan ta løyveeksamen. Det er ikkje krav til at du har teke kurs eller utdanning i forkant av eksamenen. Eksamenen er delt i to delar, der du må gjennomføre og bestå begge same dag, og prøva varer i fire timar til saman. På nettsidene til Statens vegvesen kan du lese meir om løyveeksamenen.

Før 2018 var krava til fagleg kompetanse at ein hadde bestått utvalde kompetansemål i frå læreplanen til det dåverande vg1 service og samferdsel og vg2 transport og logistikk på vidaregåande skule. Viss ein hadde gått og bestått det skuleløpet, hadde ein fagleg kompetanse for løyve.

Ein kunne òg ta utdanninga, såkalla "løyvekurs", som fjernundervisning ved godkjende kurshaldarar. Desse kursa bygde då på dei same læreplanmåla frå vidaregåande skule.

Oppsummering

Viss du vil kjøpe deg til dømes ein lastebil og starte for deg sjølv, er dette det du må gjere for å få løyve. Du må ha eitt løyve per bil.

  • Du må først ha eit firma, anten eit AS, eit ANS/DA eller eit enkeltpersonføretak.

  • Både du og bedrifta di må ha god vandel og kunne levere politiattest på det.

  • Du må ha kapital eller sikkerheit til å kunne oppfylle dei økonomiske krava. I 2022 er det 90 000 kroner for det første løyvet og 50 000 kroner for kvart løyve etter det. Du kan ikkje ha uteståande skattekrav.

  • Du må avleggje og bestå løyveeksamen på ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen for å oppfylle krava til fagleg kompetanse.

Når alt dette er i orden, kan du søkje til Statens vegvesen og leggje ved all naudsynt dokumentasjon. Du ser kva som må følgje med søknaden på Statens vegvesen sine nettsider om korleis du søkjer fellesskapsløyve.

Relatert innhald

Kjelder

Yrkestransportlova. (2002). Løyve om yrkestransport med motorvogn og fartøy (LOV-2002-06-21-45). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2002-06-21-45

Yrkestransportforskriften. (2003). Forskrift om yrkestransport med motorvogn og fartøy (FOR-2003-03-26-401). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2003-03-26-401

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSFORORDNING (EF) nr. 1071/2009. Lovdata. https://lovdata.no/static/nlx3/32009r1071.pdf

Statens vegvesen. Om fellesskapsløyve for gods- og turvogn. https://www.vegvesen.no/kjoretoy/yrkestransport/transportloyver-og-tillatelser/informasjon-om-fellesskapsloyver-for-gods---og-turvogn/

Samferdselsdepartementet. (2020, 29. oktober). Løyver. https://www.regjeringen.no/no/tema/transport-og-kommunikasjon/ytransport/loyver/id444316/

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2021

Læringsressursar

Lover og reglar