Døme på arbeidsbeskriving (IK–HMS)
Evy arbeider som logistikkoperatør i varemottaket på eit regionlager for ei daglegvarekjede. I arbeidet bruker ho truck for å plukke ordrar. Alle truckane er utstyrte med lett synlege klistrelappar med den rutinen Evy må følgje:
Rutine for bruk av truck
Kvar gong du bruker truck, skal du
- sjekke at du har gyldig truckførarbevis
- sjekke at du har på deg vernesko
- sjekke at batteriet er lada
- sjekke at bremsene verkar
- sjekke at hydraulikken er i orden
- notere eventuelle feil i kontrollboka til trucken og signere
- leggje kontrollboka på tilvist plass
- parkere trucken i ladestasjonen når du er ferdig med å bruke han, og kople til straumen
Dersom du registrerer kritiske feil, må du ikkje bruke trucken, men varsle leiaren din.
Arne arbeider som yrkessjåfør for den same daglegvarekjeda. Han har følgjande rutine å rette seg etter for at bedrifta skal oppfylle reglane i forureiningslova om forsvarleg handtering av emballasje:
Rutine for sjåfør i ei daglegvarekjede
Kvar gong du har levert varer til butikkane våre, skal du ta med følgjande i retur:
- brun kartong som butikkane har pressa i pappresse
- strekkfilm som butikkane har pressa til plastballar
- eingongsemballasje i form av aluminiumsboksar
- IFCO-kassar ("International Food Container")
Når Arne kjem tilbake til regionlageret, leverer han returemballasjen til Evy. Ho fordeler emballasjen i riktig konteinar for vidaretransport når han er full.