Hopp til innhald

Fagstoff

Trafikkreglane

Forskrift om kjørende og gående trafikk, eller trafikkreglane, som vi kallar det i daglegtale, gjeld all trafikk på veg. Den gjeld altså for køyrande, syklande, ridande og gåande på veg som er open for alminneleg ferdsel.
Bilar og buss på trefelts motorveg mellom ei bukt med seglbåtar og blomstrande syrinar. Eit skilt peiker mot Bygdøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trafikkreglane er ei forskrift som har lovheimel i vegtrafikklova, spesielt vegtrafikklova § 4. Trafikkregler.

Trafikkreglane gjeld all trafikk på veg, som førarar av motorvogn, syklistar og gåande. Dei gjeld òg for ryttarar eller kusk med hest og vogn. Desse føresegnene finn du i § 2 i trafikkreglane.

Det er heilt nødvendig med klare reglar for at vi skal kunne ferdast effektivt og trygt i trafikken. Det er derfor òg nødvendig at alle trafikantar kan og følgjer trafikkreglane.

Myndigheitspyramiden

I trafikkreglane § 3. Anvisninger blir hierarkiet i vegtrafikken skildra. Det vil seie kva og kven som har øvste myndigheit i trafikken og "bestemmer mest". Av og til kan det vere motstridande retningslinjer i trafikken, til dømes mellom skilt eller trafikklys som strir mot dei generelle trafikkreglane.

Til dømes seier § 7 i trafikkreglane at køyrande har vikeplikt for køyretøy som kjem frå høgre, den såkalla høgreregelen. Men om det er sett opp vikepliktskilt i eit kryss, gjeld det over høgreregelen. Dette er fordi skilting på staden har høgare "rang" enn trafikkreglane når desse gir motstridande informasjon. Derfor har vi den såkalla myndigheitspyramiden i vegtrafikken, som viser kven eller kva som har "høgast rang".

Pyramide som viser myndigheitshierarkiet i vegtrafikken. Nedst er lovene, deretter skilt, deretter trafikklys og øvst ein uniformert mann som gir teikn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er bestemt at manuell dirigering frå politi eller til dømes representantar for Statens vegvesen er øvst på rangstigen. Dette er ofte aktuelt ved vegarbeid og etter trafikkuhell.

Som du ser av pyramiden, står trafikkdirigering øvst, deretter kjem trafikklys, som står over skilt og vegmerking, og så kjem dei generelle trafikkreglane til slutt.

Utvalde trafikkreglar

Vidare gir forskrifta nødvendige reglar om mellom anna

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2021

Læringsressursar

Lover og reglar