Hopp til innhald

Fagstoff

Vegtrafikklova

Vegtrafikklova (lov om vegtrafikk) gjeld for all trafikk med motorvogn. Ho gjeld òg annan ferdsel, som gåande og syklande, men då berre på veg eller anna område som òg er ope for ferdsel med motorvogn. Vegtrafikklova blir òg forkorta til vtrl.
Tog og biltrafikk på E18 før avkøyring til Lysaker stasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vegtrafikklova og forskriftene som høyrer til

Vegtrafikklova er ei fullmaktslov eller rammelov. Det vil seie at at ho har ganske generelle føresegner i paragrafane sine, mens detaljane blir bestemde i forskrifter som har heimel i lova.

I ei ramme/fullmaktslov delegerer Stortinget til regjering og forvaltning å forme ut detaljerte reglar innanfor området i lova i forskrifter.

Om vi skulle hatt absolutt alle detaljar om trafikk i ei og same lov, hadde lova vorte lang og uoversiktleg. Tenk deg viss alle detaljar om alt frå utforming av skilt til køyre- og kviletidsreglar og bruk av piggdekk skulle vore i same lovdokument. Det hadde vorte veldig upraktisk å finne fram i, og veldig mange fagfolk måtte ha vore med på å lage lova.

Derfor "deler" ein opp lova i forskrifter innan ulike fagfelt, så vi kan finne fram i det spesifikke fagfeltet vi vil undersøkje. Ein annan fordel med bruk av forskrifter er at det er ein mykje smidigare og raskare prosess å få vedteke endringar i forskrifter enn i lover. Ein kan vedta endringar på lågare nivå i forskrifter, mens heile Stortinget må behandle endringar i lover. Derfor er det ein meir omfattande og tidkrevjande prosess å få gjort endringar i lover framfor forskrifter.

Forvaltning kan vere departement og direktorat innanfor det aktuelle fagområdet. I praksis blir det meste av forskriftene i vegtrafikklova vedteke i Samferdselsdepartementet.

§ 3 i vegtrafikklova

§ 3 i vegtrafikklova handlar om grunnreglar om trafikk, og han blir derfor ofte kalla "grunnregelen for trafikk" i daglegtale. I § 3 heiter det seg: "Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret."

Aktsam (aktpågivende) betyr å vere merksam, altså at du følgjer med og får med deg all informasjon du treng for å vere i trafikken.

Som vi ser, er § 3 veldig generell. Han gir derfor heimel til detaljerte reglar i forskrifter, til dømes i trafikkreglane. Men han er òg sjølvstendig. Ved melding eller sikting ved lovbrot kan ein bli tiltalt etter brot på forskrifter som § 3 gir lovheimel til, men ein kan òg bli tiltalt for brot på § 3 i seg sjølv.

I og med at § 3 er så generell, fangar han opp det meste av uønskt framferd i trafikken, framferd som reglane i forskrifta kanskje ikkje dekkjer.

Viss du les regelen nøye, ser du at det ikkje skal mykje til for å kome i konflikt med paragrafen. Ofte kjem regelen til bruk i etterkant av trafikkuhell.

Døme på tiltale etter § 3 kan vere etter ei utforkøyring viss føraren har vore uoppmerksam og kome utfor asfaltkanten. Sjølv om det ikkje skulle vere personskade, kan ein bli tiltalt etter § 3 fordi ein ikkje har vore tilstrekkeleg aktsam. Ein kan då risikere førarkortinndraging og bøter etter brot på § 3.

Aggressiv køyring og stygge forbikøyringar er òg brot på pargaraf 3, og du kan straffast deretter, sjølv om det ikkje har oppstått ei ulykke eller uhell.

I tillegg seier § 3 at "[v]egfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen."

Dette handlar om å vise omsyn til og ikkje forstyrre folk som bur eller oppheld seg langs vegen. Det inneber til dømes at vi ikkje skal ha unødig støy frå musikkanlegg, bråkete motor eller bruke hornet til bilen unødig. Denne setninga kan òg kome til bruk viss køyretøy skvettar vatn eller sprutar grus og stein frå vegen på grunn av køyringa, på personar eller bustader langs vegen.

Reaksjonar og straff

Brot på reglane i vegtrafikklova eller forskriftene som høyrer til, kan straffast med bøter eller fengsel på inntil eitt år. Om det er veldig alvorlege lovbrot kan det likevel bli strengare straffer, fordi ein kan kome under strengare lover.

Ved alvorlege trafikkulykker med dødeleg utfall, altså dødsulykker, trer ofte straffelova inn. Viss ei dødsulykke i trafikken skjer som følgje av brot på vegtrafikklova, kan ein bli tiltalt for aktlaust drap etter § 281 i straffelova og bli straffa deretter om ein blir funne skuldig i retten.

Forskrifter

Vegtrafikklova har mange paragrafar som gir heimel til forskrifter som gir meir detaljerte reglar innanfor sitt felt.

Døme på viktige forskrifter under vegtrafikklova, som ein yrkessjåfør må ta omsyn til, er:

  • trafikkreglar

  • forskrift om kjøre- og hviletid for vegtransport i EØS

  • forskrift om bruk av kjøretøy

  • førarkortforskrifta

  • køyretøyforskrifta

På dei neste sidene skal vi sjå nærare på forskrifter i vegtrafikklova.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2021

Læringsressursar

Lover og reglar