Hopp til innhald
Fagartikkel

Folketrygda

Alle i Noreg er medlem i folketrygda, eit nasjonalt forsikringssystem som blir administrert av Nav. Her får vi økonomisk hjelp ved arbeidsløyse, svangerskap og fødsel, åleineomsorg for barn, sjukdom og skade, uførleik, alderdom og dødsfall.

Finansiering av folketrygda

Folketrygda blir mellom anna finansiert av trygdeavgift og arbeidsgivaravgift. Trygdeavgifta er ein del av skatten vi betaler på lønnsinntekt. Arbeidsgivaravgifta er ei avgift som bedrifter må betale inn til staten for sine tilsette. Bedriftene betaler ein viss prosentsats av lønna til dei tilsette.

Arbeidsgivaravgift

Hovudregelen er at bedriftene betaler 14,1 prosent arbeidsgivaravgift, men nokre kommunar har redusert sats eller fritak for arbeidsgivaravgift. Dette er eit distriktspolitisk verkemiddel som skal stimulere til etablering av bedrifter i distrikta.

Finn ut

Kor høg arbeidsgivaravgift må bedrifter i kommunen din betale?

Sjukepengar

Når ein tilsett blir sjuk, må bedrifta betale sjukepengane dei første dagane. Dette blir kalla for arbeidsgivarperioden, og den er vanlegvis på 16 kalenderdagar. Dersom den tilsette framleis er sjuk etter dette, er det folketrygda som dekker sjukepengane. Då blir dei utbetalte av Nav.

Nav

Nav hjelper bedrifter med å følge opp sjukemelde, legge til rette for tilsette med helseutfordringar og utvikle ein meir inkluderande arbeidsplass (IA). Nav kan òg hjelpe bedrifter med å rekruttere nye tilsette.

Grunnbeløpet i folketrygda

Dei fleste ytingar i folketrygda blir rekna ut med utgangspunkt i det som blir kalla grunnbeløpet i folketrygda (G). Dermed er det berre eitt beløp som blir endra i trygdeoppgjeret kvart år.

Relatert innhald

Ekstern
Nav

Nettside hos nav.no