Krav om mattryggleik (IK–Mat)
Mange transport- og logistikkmedarbeidarar kjem i kontakt med matvarer. Dei må då følgje krava i matlova og praktisere dei rutinane bedrifta har for
- reingjering av transportmiddel, lager og terminalar
kontroll og overvaking av temperaturen ved transport av matvarer
Storparten av næringsmidla vi handlar i dag, er forsvarleg emballerte under transport og lagring. Mattryggleiken er derfor rimeleg godt vareteken. Det finst likevel matvarer som er
uemballerte, som til dømes frukt, grønt og diverse bakar- og konditorvarer. Då er det ekstra viktig med god hygiene, noko bedriftene minner om ved til dømes å ha rutinar for handvask etter toalettbesøk.
Når vi kjem frå ei urein til ei rein sone, må vi alltid tenkje hygiene og sørgje for at vi ikkje fører med oss smitte.
Harry transporterer fersk, isa fisk. Han bruker hanskar når han handterer fisken. Det er sommar, og utetemperaturen ligg på rundt 20 grader. Harry legg hanskane i lasterommet, ikkje i
førarhytta, for å unngå at hanskane skal bli ei bakteriebombe.
God handhygiene er veldig viktig ved handtering av matvarer, for å hindre spreiing av bakteriar og virus.
Vi eksporterer store mengder sjømat og importerer store mengder frukt, grønt og kjøt. I tillegg produserer vi våre eigne landbruksprodukt. Slike varer skal lagrast i riktig temperatur for å hindre at farlege bakteriar skal formeire seg og øydeleggje varene. Styresmaktene har sett strenge krav til lagrings- og oppbevaringstemperatur for slike varer. Både yrkessjåførar og logistikkoperatørar må rette seg etter desse temperaturkrava.
Tabell 1 viser temperaturkrav ved lagring og transport av frosne matvarer. Under lasting, transport og lossing skal temperaturen ikkje nokon stad i lasta vere høgare enn desse grenseverdiane.
Type matvarer | Temperatur |
---|---|
Iskrem og djupfrosne fruktsafter | –20 °C |
Frosen og djupfrosen fisk | –18 °C |
Alle andre djupfrosne næringsmiddel | –18 °C |
Smør og andre frosne feittslag | –14 °C |
Frosen innmat, eggeplommer, fjørfe og vilt | –12 °C |
Frose kjøt | –10 °C |
Alle andre frosne næringsmiddel | –10 °C |
Tabell 1: Temperaturkrav ved lagring og transport av frosne matvarer.
Tabell 2 viser tilsvarande grenseverdiar for kjølevarer. Under transport skal temperaturen aldri vere høgare enn desse grenseverdiane.
Type matvarer | Temperatur |
---|---|
Innmat3 | +3 °C |
Smør | +6 °C |
Vilt | +4 °C |
Konsummjølk (ubehandla eller pasteurisert) i tankar3 | +4 °C |
Industrimjølk3 | +6 °C |
Meieriprodukt (yoghurt, kefir, fløyte og fersk ost)3 | +4 °C |
Fisk1 (må alltid transporterast isa) | +2 °C |
Kjøtprodukt2 | +6 °C |
Kjøt (ikkje innmat) | +7 °C |
Fjørfe og kaninar | +4 °C |
1) unnateke røykt, salta, tørka eller levande fisk
2) unnateke produkt som er konserverte ved salting, røyking, tørking eller sterilisering
3) transporten skal i prinsippet ikkje vare meir enn 48 timar
Tabell 2: Temperaturkrav ved lagring og transport av kjølevarer.