Hopp til innhald

Fagstoff

Skattelova – skatt for bedrifter

Skattelova regulerer skatteplikta både for privatpersonar og for bedrifter. Her skal vi sjå på dei viktigaste skattereglane for bedrifter.
Pcskjerm som viser nettsida til altinn. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skatt på bedriftsinntekt

I skattelova står det at bedrifter skal skatte av «fordel vunnet ved virksomhet», det vil seie inntektene frå verksemda.

Fordel vunnet ved virksomhet omfatter blant annet fordel vunnet ved omsetning av varer eller tjenester, realisasjon av andre formuesobjekter i virksomheten og avkastning av kapital i virksomheten (skattelova, 2000, § 5-30 første ledd).

Forskotsskatt

Alle norske bedrifter må betale forskotsskatt til skatteoppkrevjaren i kommunen der dei har hovudkontor. Som lønsmottakarar treng vi ikkje å tenkje på dette; då er det arbeidsgivaren som betaler inn skatten for oss. Bedrifter må betale inn skatten sjølve – som forskotsskatt.

Skatteetaten reknar ut forskotsskatten ut frå overskotet i bedrifta året før eller opplysningar som bedrifta sjølv melder inn.

Forskotsskatt for enkeltpersonføretak

Alle som driv eit enkeltpersonføretak, skal skatte så snart inntekta oppstår. Det inneber at dei skal betale inn forskotsskatt fire gonger i året – 15. mars, 15. mai, 15. september og 15. november. Forskotsskatten blir berekna ut frå forventa overskot.

Forskotsskatt for aksjeselskap

Alle aksjeselskap skal betale inn forskotsskatt to gonger i året – 15. februar og 15. april, men aksjeselskap betaler først forskotsskatten året etter at overskotet er tent opp.

Eit aksjeselskap er eit eige skattesubjekt, det vil seie at det er selskapet sjølv som er ansvarleg for å betale inn skatt. Skattesatsen er på 22 prosent (i 2020), og skatten blir berekna av overskot året før.

Skatteoppgjer for næringsdrivande

Om hausten året etter skatteåret er skatteoppgjeret klart. I skatteoppgjeret blir skatten for bedrifta rekna ut, ut frå skattemeldinga bedrifta har levert. Skatteetaten tek så den utrekna skatten og trekkjer frå den innbetalte forskotsskatten, for å sjå om bedrifta har pengar til gode eller må betale restskatt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2020

Læringsressursar

Lover og reglar