Hopp til innhald

Fagstoff

Lover og forskrifter

Som fagarbeidar i transport- og logistikkbransjen må du kjenne til lover og reglar som gjeld for arbeidet du utfører. Du har sikkert høyrt om lover og forskrifter før. Men veit du forskjellen på dei?
Eit pass med Noreg sitt riksvåpen på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ei lov?

Ei lov er den viktigaste rettskjelda for å løyse tvistar eller døme etter ved straffbare forhold. Med tvist meiner vi ei usemje eller uklarleik. Det er Stortinget som vedtek lover.

Domstolane bruker lovene. Det er tingretten som dømer både i sivile saker og i straffesaker. Ein dom i tingretten kan ankast til lagmannsrett eller Høgsterett. Du kan lese meir om dette på sidene til samfunnsfag.

Kva er ei forskrift?

Lover er gjerne ganske generelle. Derfor overlèt Stortinget til forvaltningsapparatet å utdjupe innhaldet i ei lov. Forvaltningsapparatet kan vere eit departement eller eit direktorat. Mange av forskriftene du møter som fagarbeidar, er gitt av Samferdselsdepartementet. Andre er gitt av Statens vegvesen.

Ei forskrift inneheld meir utfyllande reglar enn teksten i sjølve lova. I praktisk arbeid bruker vi gjerne forskrifta når vi skal finne ut kva reglar som gjeld. Alle forskrifter høyrer til ei lov. Vi seier at forskrifta er heimla i lova.

Som yrkessjåfør er du alltid underlagd vegtrafikklova når du er ute på vegen. Men dei spesifikke reglane finn du i ulike forskrifter under denne, som til dømes trafikkreglane, køyre- og kviletidsreglane og førarkortreglane.

Vi skil mellom sentrale og lokale forskrifter. Lokale forskrifter blir vedtekne av til dømes kommunestyret i ein kommune.

Lovdata

Alle lover og forskrifter som gjeld i Noreg, er tilgjengelege på nettsidene til Lovdata. Desse sidene blir oppdaterte kvar gong regelverket blir endra eller nye reglar blir vedtekne. På sidene til Lovdata kan du òg finne informasjon om korleis lovverket blir nytta i rettssaker.

Oppsummering

Ei lov gir generelle reglar innanfor eit tema. Forskrifta lagar igjen meir detaljerte reglar innanfor eit felt av lova. Ei lov har ofte fleire forskrifter.

Til dømes har vegtrafikklova mellom anna forskrifter som trafikkreglane (forskrift om kjørende og gående trafikk) og førarkortreglane (forskrift om førerkort m.m.).

Arbeidsmiljølova har mellom anna forskrifter om HMS (forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter) og reglar for bruk av til dømes truck og kran (forskrift om utføring av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav).

Stortinget vedtek lovene, men forskrifter blir styrte på eit lågare nivå, til dømes i eit departement i regjeringa. Derfor er det òg ein enklare prosess å få til endringar og tilpassingar i forskriftene enn i sjølve lovene.

Les meir om lover på Lovdata.

Utfordringar til deg:

  1. Kva er ei lov?
  2. Kva er ei forskrift?
  3. Lag ei oversikt over dei viktigaste lovene som regulerer arbeidet i transport- og logistikkbransjen.
CC BY-SASkrive av Knut Kjartan Tørum og Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2021

Læringsressursar

Lover og reglar