Hopp til innhald

Fagstoff

Grensa mellom internkontroll og ADR-regelverket

ADR-regelverket gjeld ved transport av farleg gods på veg og på område som er opne for alle. IK–HMS gjeld på veg og på område som er stengde for ålmenta.
Skissa viser at ADR gjeld på ein veg som er open for ålmenta, og at IK-HMS gjeld på eit inngjerdt lager- og terminalområde som er lukka for ålmenta. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Yrkessjåførar som handterer farleg gods, må følgje reglane i ADR-forskrifta. Ved transport må dei ha godkjent ADR-kompetansebevis for godset med den høgaste fareklassen.

ADR-forskrifta regulerer transport av farleg gods på veg som er open for ålmenta. Det inneber at når yrkessjåførar eller logistikkoperatørar handterer farleg gods på eit område som
er stengt for ålmenta, gjeld ikkje ADR-forskrifta, men internkontrollforskrifta.

Lovdata: internkontrollforskrifta

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Lover og reglar