Hopp til innhald
Fagartikkel

Forskrift om utføring av arbeid

Føremålet med denne forskrifta er å sikre at utføring av arbeid og bruk av arbeidsutstyr blir gjennomført på ein forsvarleg måte, slik at arbeidstakarane er verna mot skadar på liv og helse.

Forskrift om utføring av arbeid ligg under arbeidsmiljølova. Ho inneheld mellom anna føresegner om bruk og oppbevaring av farlege kjemikaliar på arbeidsplass. Vi finn òg føresegner om arbeid i høgda og dessutan reglar for varmt arbeid.

Mest relevant for oss i transport, logistikk og løfteoperasjonar er kanskje føresegnene om bruk av arbeidsutstyr. Arbeidsutstyr er tekniske innretningar som hjelper oss i arbeidet. Det kan vere alt frå verktøy som batteridrillar til bakløftar på lastebil og truck og kraner.

Her finn vi krav om bruk av arbeidsutstyr og tekniske krav til utstyret.

Dokumentert, sertifisert og utstyrsspesifikk opplæring

Vi finn òg føresegnene om dokumentert og sertifisert sikkerheitsopplæring i § 10-1 til 10-4 i forskrifta.

Dokumentert opplæring

Du har lært om dokumentert og sertifisert opplæring i modul 1.1 i truckføraropplæringa. Dokumentert opplæring skal givast på arbeidsutstyr som krev særleg varsemd ved bruk. Det er risikovurderinga til arbeidsgivaren som bestemmer kva utstyr dette gjeld. I praksis vil dette gjelde det meste av motorisert, elektrisk og hydraulisk arbeidsutstyr, fordi det ofte er faremoment knytte til feil bruk av slikt utstyr.

Dokumentert opplæring skal givast som teoretisk og praktisk opplæring og innehalde bestemde tema som mellom anna oppbygging og bruksområde og vedlikehald av utstyret. For å sjå alle temaa, kan du sjå § 10-2 i forskrifta.

Opplæringa kan givast av arbeidsgivar sjølv eller ein annan person med kompetanse på utstyret. Det kan vere ein tilsett i bedrifta med god kompetanse eller ein innleigd instruktør.

Døme på utstyr som kan krevje dokumentert opplæring innan transport, er bakløftar og krokløftar på lastebil og rullestolheis på buss.

Sertifisert opplæring

Noko arbeidsutstyr er det bestemt at det skal vere sertifisert opplæring på. Dette gjeld truck, kran og anleggsmaskinar. Prinsippet er det same som ved dokumentert opplæring, men sertifisert opplæring må følgje ein fastlagd opplæringsplan. I tillegg er det berre opplæringsbedrifter og skular godkjende av Arbeidstilsynet med godkjende instruktørar som kan utføre sertifisert sikkerheitsopplæring.

Utstyrsspesifikk opplæring

I tillegg til dokumentert eller sertifisert opplæring på utstyrstype må arbeidsgivaren gi ei utstyrsspesifikk opplæring i det aktuelle utstyret som arbeidstakaren skal bruke. Til dømes kan det vere forskjell på truckar som er i bedrifta, og dei som arbeidstakaren har hatt opplæring med på truckførarkurs. Det kan til dømes vere ulike system for framdrift og bremse eller styring av løft og tilt.

Kompetansebevis

Personar som har gått gjennom sertifisert opplæring, skal ha skrive ut kompetansebevis påført dei klassane som opplæringa gjeld.

Ved dokumentert opplæring heiter det at det skal skrivast ut dokumentasjon på at opplæringa er gjennomført. Denne skal kunne leggjast fram for verneombod og styresmakter ved førespurnad.

Det er såleis ikkje påkravd med kompetansebevis på dokumentert opplæring, men det er likevel vanleg å skrive ut eit slikt bevis som dokumentasjon.

Utforming og kontroll

Forskrifta stiller elles mellom anna krav til utforming av arbeidsutstyr, som utforming av beteningsinnretningar og styresystem og dessutan føresegner om naudstopp-brytar.

Forskrifta stiller òg krav om kontroll av arbeidsutstyr, som til dømes sakkunnig kontroll på visse typar arbeidsutstyr, som i utgangspunktet skal bli utførd kvar 12. månad.

Relatert innhald