Hopp til innhald

Fagstoff

Lov om vegfraktavtaler (vegfraktlova)

Lov om vegfraktavtaler, eller vegfraktlova som ho blir kalla i daglegtale, regulerer avtalar om godstransport på veg.
Biletet viser ein lastebil ved ein lasterampe.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vegfraktlova, som ikkje må forvekslast med vegtrafikklova, regulerer det juridiske ved sjølve frakta av gods. Ho har altså reglar om sjølve lasta som er om bord, og ikkje om det som skjer i trafikken.

Lova seier noko om plikter og rettar, under dette kven som har ansvar for godset til kvar tid. Det er tre partar i ein fraktavtale, avsendaren, fraktføraren og mottakaren.

Avsendar

Avsendaren er mellom anna ansvarleg for at nødvendige dokument er tilgjengelege for fraktføraren, og at desse har rette opplysingar. Dette kan vere fraktbrev, pålagde ADR-dokument ved transport av farleg gods eller tolldokument viss transporten er grensepasserande.

Avsendaren har òg råderett over godset under transporten. Det vil seie at avsendaren kan be fraktføraren om å stoppe transporten, returnere godset eller levere til ein annan mottakar. Dette kan vere aktuelt om det til dømes oppstår usemje mellom avsendaren og mottakaren (seljaren og kjøparen) av varene/godset mens det er under transport til mottakaren.

Fraktførar

Fraktføraren er den som har transportavtalen med kunden. Det kan då vere transportøren/lastebileigaren direkte, eller det kan vere ein samlastar (til dømes Schenker eller PostNord) som transportøren køyrer for. Det er då den av desse som blir definert som fraktføraren, som har det direkte ansvaret overfor kunden.

Fraktføraren har eit ganske stort ansvar ifølgje vegfraktlova. Fraktføraren er i utgangspunktet ansvarleg for skade og/eller tap av gods under transport. Den som er fraktførar, er òg ansvarleg om det oppstår forseinka utlevering etter det som står i fraktavtalen. Fraktføraren kan vere friteken om det kan dokumenterast at skaden/forseinkinga ikkje kan lastast fraktføraren.

Havari på køyretøy eller utstyr gjeld ikkje som fritak. Til dømes om eit kjøleaggregat stoppar under termotransport, og varene blir øydelagde, er fraktføraren erstatningspliktig overfor vareeigaren. Det same gjeld om til dømes ein motorstopp eller ei punktering fører til forseinking av leveringa.

Fraktbrev

Faksimile av den øvste delen av eit fraktbrev.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk av fraktbrev står sentralt i vegfraktlova. Fraktbrevet er sjølve "kontrakten" og beviset for vilkåra i fraktavtalen. Det er særleg viktig at sjåførane sjekkar at opplysingane i fraktbrevet stemmer overeins med godset før dei tek med seg varer.

Det kan til dømes vere at ein sjekkar at det er rett mengd, og at godset er skadefritt. Finn ein avvik, må dette noterast på fraktbrevet før du lastar varene om bord. Dette er det ein eigen paragraf for i lova, paragraf 12, som heiter "Fraktførerens undersøkelsesplikt".

I internasjonal transport er det påkravd å bruke fraktbrev. I nasjonal (innanlands) transport skal det i utgangspunktet òg blir brukt fraktbrev, men det blir opna for at avsendaren og fraktføraren kan avtale at dei lèt vere å bruke det.

Mellom anna kan det vere at ein avtaler å ikkje bruke fraktbrev om det fører til stor ulempe å bruke det, eller om det ikkje er vanleg med fraktbrev i den aktuelle transporttypen. Det kan til dømes vere ved gjentakande massetransport med tippbil. Om ein køyrer tjue lass med sand ein dag, mellom same avsendar og mottakar, over ei kort strekning, vil det gjerne verke lite tenleg å skrive fraktbrev for kvart lass.

Når ein bruker fraktbrev, er det eit minstekrav til kva opplysingar som skal stå i brevet. Desse står i paragrafen i lova 9 for innanlands transport og paragraf 10 for internasjonal transport. Dette er då minstekravet til kva rubrikkar som skal vere fylte ut. Ein kan ta inn fleire opplysingar om partane finn det føremålstenleg.

Når ein bruker elektroniske fraktbrev, skal desse innehalde akkurat dei same opplysingane som tradisjonelle fraktbrev på papir.

Erstatning

Biletet viser ein kollidert lastebil som har fått materielle skadar, og gods som har falle utover.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skade og tap på gods blir regulert av vegfraktlova. Fraktføraren er erstatningspliktig for skadd og tapt gods opp til ein viss sum per kilogram gods. Dette er oppgitt til å vere 8,33 SDR per kilogram for internasjonal transport og 17 SDR per kilogram for innanlands transport.

SDR står for "Special Drawing Rights" og er ein eigen internasjonal valuta som blir brukt mellom anna i forsikringsoppgjer. Kursen for SDR varierer, men dei siste åra har han lege typisk mellom 10 og 12 kroner for 1 SDR. Det vil seie at ved ein kurs på 10 kroner vil 17 SDR utgjere 170 kroner per kilogram skadd eller tapt gods, som då fraktføraren blir maks erstatningspliktig for ved skade eller tap av gods ved innanlands transport.

Du kan lese meir om desse reglane og utrekning med SDR i artikkelen om godsansvarsforsikring.

Du kan sjå lov om vegfraktavtaler (vegfraktlova) i sin heilskap på nettsidene til Lovdata.

Relatert innhald

Ei godsansvarsforsikring er ei forsikring transportøren kjøper for å dekkje skadar som oppstår på godset til kunden under lasting, lossing og transport.

Her lærer du korleis du går fram for å fullverdiforsikre varer under transport.

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2022

Læringsressursar

Lover og reglar