Hopp til innhald

Fagstoff

Krav i arbeidsmiljølova

Vi viser her nokre viktige område der transport- og logistikkbedrifter må etablere skriftlege rutinar for å følgje opp lovkrav i arbeidsmiljølova.
To paragrafteikn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova (forkorta aml.) inneheld reglar for å verne arbeidstakarane mot skadar. Reglane er igjen delte inn i forskrifter for dei ulike temaa.

Arbeidsmiljølova inneheld krav til å førebyggje skadar som mellom anna kjem av

  • farlege stoff
  • trykkbehaldarar
  • arbeidsutstyr som krev sertifisert sikkerheitsopplæring

For transport- og logistikkverksemder er det viktig at vernereglane i lova blir varetekne for yrkessjåførar og logistikkoperatørar. Slike bedrifter har derfor laga reglar for

  • bruk av truck
  • bruk av kran
  • bruk av personleg verneutstyr (som vernesko, vernebriller, hanskar og høyrslevern)
  • trafikkreglar ved truckkøyring
  • rapportering av uhell med personskade
  • rapportering av kritikkverdige forhold
Ein varslingsplakat som mellom anna seier noko om når ein skal varsle, og kven ein skal varsle til. Illustrasjon.

Brot på vernereglane i lovverket er kritikkverdig. Alle bedrifter skal ha rutinar for å varsle om slike forhold.

Lenkjer

Lovdata: arbeidsmiljølova

Lovdata: internkontrollforskrifta

Sikkerheitsopplæring

Arbeidsreiskapar som krev særleg varsemd, skal berre brukast av arbeidstakarar som har dokumentert sikkerheitsopplæring. Føresegnene finn vi i forskrift om utføring av arbeid.

Krav om sertifisert sikkerheitsopplæring gjeld for det følgjande arbeidsutstyret:

  • bru- og traverskraner – når bruken inneber fare for skade på liv og helse
  • tårnkraner
  • mobilkraner
  • portalkraner
  • kraner med større kapasitet enn 2 tm (tonnmeter) montert på lastebil eller lastebilhengjar
  • løfte- og stablevogner for gods med permanent førarplass på vogna
  • masseflyttingsmaskiner med større effekt enn 15 kW (20,4 hk)

Etter fullført sikkerheitsopplæring blir det utferda eit kompetansebevis som dokumenterer kva slags utstyr du er sertifisert for å bruke.

Lenkjer

Lovdata: forskrift om utføring av arbeid

Sentralregisteret for sikkerheitsopplæring

Døme på kompetansebevis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forureiningslova

Forureiningslova inneheld reglar for

  • å verne det ytre miljøet mot forureining
  • å redusere eksisterande forureining
  • å redusere mengda avfall
  • å fremje betre behandling av avfall
Sammenpresset plastemballasje fra blant annet brusflasker. Foto.

Både yrkessjåførar og logistikkoperatørar bidreg til å oppfylle reglane om forsvarleg behandling av avfall. Avfallet kan delast i ulike kategoriar, og her skal vi dele det i emballasjeavfall og produktavfall.

En haug med bildekk. Foto.

Bedrifter må levere emballasjeavfall som plast, papp, glas og metall til godkjende avfallsinnsamlarar. Dei sender så emballasjeavfallet til gjenvinningsfabrikkar, som gjer om
avfallet til nytt råstoff.

Produktavfall oppstår når eigaren av eit produkt kasserer produktet. Forureiningslova pålegg alle som sel visse produkt, å ta imot retur av produkta frå sluttbrukarane. Dette gjeld produkt med eit skadepotensial, til dømes dekk, bilbatteri og elektriske artiklar.

Oppgåve

  • Veit du om fleire slike produktgrupper der seljarane av produkta har plikt til å ta imot retur av kasserte produkt?
  • Kjenner du til kritikkverdige forhold om forureining som du meiner burde vore varsla?

Frå innsamlingspunkta eller returpunkta går produktavfallet med bil eller båt til gjenvinningsanlegg både i inn- og utland. Yrkessjåførar står for delar av transporten. Logistikkoperatørane klargjer avfallet for transport i tråd med bedriftsrutinane.

Lenkje

Lovdata: forureiningslova

Brann- og eksplosjonsvernlova

Brann- og eksplosjonsvernlova inneheld vernereglar som skal sikre at farlege stoff og farleg gods blir handtert slik at menneske, miljø og omgivnader er tilfredsstillande sikra.

Kva rutinar transport- og logistikkverksemdene må etablere, avheng av kva slags produkt verksemdene har spesialisert seg på å selje eller transportere.

Logistikkoperatørar på lageret til Jotun i Sandefjord må til dømes forhalde seg til mange rutinar, fordi bedrifta lagrar ei rekkje brann- og eksplosjonsfarlege produkt. Omvendt slepp ein logistikkoperatør på eit jernvarelager å forhalde seg noko særleg til krav i brann- og eksplosjonsvernlova, fordi slike lager ikkje handterer brann- og eksplosjonsfarlege produkt.

Døme på ein rømmingsplan og brannverninstruksjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bedrifter med stor brannrisiko har alltid rutinar for brann. Om uhellet er ute, skal du følgje gjeldande brannrutinar. Du bør setje av tid til å skaffe deg oversikt over slike rutinar når du kjem til ein ukjend bygning.

Lenkje

Lovdata: brann- og eksplosjonsvernlova

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Lover og reglar