Hopp til innhald

Fagstoff

Førarkortforskrifta

I Noreg har vi førarkortplikt. Det vil seie at den som fører motorvogn i Noreg, må ha gyldig norsk førarkort i aktuell klasse eller gyldig utanlandsk førarkort i samsvar med førarkortforskrifta. Vi skal her sjå meir på denne forskrifta.
Detalj frå bakside av førarkort med ulike førarkortklassar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førarkortforskrifta beskriv i stor grad dei ulike førarkortklassane. Forskrifta viser kva du har lov til å køyre i dei ulike klassane, og dessutan alderskrav og helsekrav for å kunne ha førarkort i dei ulike klassane.

Førarkortklassar

Her følgjer ei oversikt over internasjonale førarkortklassar og alderskrav i Noreg. Det er henta frå §  3-1 i forskrifta:

  1. Klasse AM – moped – 16 år

  2. Klasse A – motorsykkel, direkte erverv – 24 år

  3. Klasse A – motorsykkel, etappevis erverv – 20 år forutsatt minst 2 års kjøreerfaring med klasse A2, ellers kreves det minst 2 års kjøreerfaring med klasse A2 før fylte 24 år. Minstealderen er likevel 21 år for trehjuls motorsykkel med en effekt på over 15 kW.

  4. Klasse A2 – mellomtung motorsykkel – 18 år

  5. Klasse A1 – lett motorsykkel – 16 år

  6. Klasse B – personbil, varebil – 18 år

  7. Klasse C – lastebil – 21 år

  8. Klasse C1 – lett lastebil – 18 år

  9. Klasse D – buss – 24 år

  10. Klasse D1 – minibuss – 21 år

  11. Klasse BE – tilhenger til klasse B – 18 år

  12. Klasse CE – tilhenger til klasse C – 21 år

  13. Klasse C1E – tilhenger til klasse C1 – 18 år

  14. Klasse DE – tilhenger til klasse D – 24 år

  15. Klasse D1E – tilhenger til klasse D1 – 21 år

Minstealderen for utstedelse av førerkort i klassene C, CE, D, DE, D1 og D1E kan være lavere for person som har påbegynt eller fullført godkjent opplæring etter yrkessjåførforskriften av 16. april 2008 nr. 362.

(Førarkortforskrifta, 2004)

Alderskrav i dei tyngste klassane er i utgangspunktet frå 21 år. Men som vi ser i fotnoten, kan alderen vere lågare viss ein har hatt eller er under godkjend utdanning. I praksis vil det seie viss ein har lærekontrakt. Derfor kan yrkessjåførlærlingar køyre tunge køyretøy etter fylte 18 år.

Sjølve trafikkopplæringa er regulert i trafikkopplæringsforskrifta hos Lovdata.

Statens vegvesen har laga ei god oversikt over aktuelle tema når du skal ta førarkort, Statens vegvesens nettside Ta førerkort.

Skal du jobbe som yrkessjåfør, må du i tillegg til rett førarkort ha godkjend yrkessjåførkompetanse, såkalla YSK. YSK-utdanninga er beskriven i yrkessjåførforskrifta. Førarkortforskrifta og yrkessjåførforskrifta er tilpassa kvarandre på ein del område.

Vi skal sjå nærare på yrkessjåførforskrifta i eigen artikkel.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2022

Læringsressursar

Lover og reglar