Hopp til innhald

Fagstoff

Forskrift om køyre- og kviletid i EØS

Forskrifta regulerer føresegnene om køyre- og kviletid i Noreg. Reglane er like i heile EØS-området, med enkelte nasjonale tilpassingar.
Foto av en digital fartsskrivar med display, beteningsknappar, to plassar for fartsskrivarkort og ein liten skrivar for utskrift av køyre- og kviletidsdata.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Køyre- og kviletidsreglar

Reglane om køyre- og kviletid finn du i forskrift om køyre- og kviletid i EØS hos Lovdata.

Som namnet tilseier, er desse reglane felles i heile EØS-området, bortsett frå enkelte mindre, nasjonale unntak. I Noreg er forskrifta heimla i vegtrafikklova.

Du kan lese meir på Statens vegvesens nettsider om regelverk for køyre- og kviletid og i Vegvesenets køyre- og kviletidshefte.

Arbeidstidsreglar

I tillegg til forskrift om køyre- og kviletid i EØS må vi følgje reglane i forskrift om arbeidstid innanfor vegtransport, i daglegtale forkorta til FATS. Du finn forskrift om arbeidstid innanfor vegtransport hos Lovdata.

Forskrifta er heimla i både vegtrafikklova og arbeidsmiljølova og regulerer arbeidstid for sjåførar og andre som deltek i transportverksemd som også er underlagd køyre- og kviletid.

Vi går grundigare inn på sjølve regelverket i emnet planlegging av oppdrag.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Lover og reglar