Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Køyre- og kviletid

Fagstoff

Regelverket rundt køyre- og kviletid

Her skal vi sjå nærare på kva lover og reglar som styrer køyre- og kviletida, og kva det betyr for ein yrkessjåfør.

Føremålet med dette lovverket er mellom anna å vareta trafikksikkerheita. Regelverket skal sikre at yrkessjåførar ikkje køyrer for lange økter, og at dei tek pausar for ikkje å bli ukonsentrerte og slitne. Regelverket er likt for alle EU/EØS-land.

Dersom desse reglane ikkje blir følgde, kan det skape stor fare i trafikken. Blir det avdekt brot på reglane ved ein kontroll, kan ein få store bøter.

I alle tunge køyretøy er det pålagt å ha montert ein som registrerer .

Ein som køyrer tunge køyretøy, må ta naudsynte pausar og ikkje køyre for lenge. Slik kan ein oppretthalde sikkerheita og overhalde arbeidstida for sjåførar. Dette er mellom anna regulert med ein maksimal køyreperiode og krav om og .

I presentasjonen nedanfor får du ei innføring i lover og reglar som regulerer køyre- og kviletida til ein yrkessjåfør.


Relatert innhald

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 21.03.2022