Hopp til innhald

Fagstoff

Forskrift om bruk av kjøretøy (bruksforskrifta)

Forskrift om bruk av kjøretøy, eller bruksforskrifta som ho blir kalla i daglegtale, gjeld i utgangspunktet all bruk av køyretøy.

Ung mann med caps og tent sigarett i en bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruksforskrifta tek for seg føresegner vi må ta omsyn til når vi er ute i trafikken med køyretøy. Forskrifta ligg under vegtrafikklova.

Her finn vi mellom anna reglar for mønsterdjupn på dekk til ulike køyretøy, sommar som vinter. Reglane om registrering av køyretøy, med mellom anna utforming av registreringsskilt og vognkort, finn ein òg i denne forskrifta.

Biletet illustrerer vekt på akslingane til lastebilen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I kapittel 3 i bruksforskrifta finn vi reglane om sikring av last.

Vi finn òg reglane om dimensjonar, som aksellast og totalvekt, og om lengdeføresegner. Desse ligg i kapittel 5 i forskrifta. Frå desse føresegnene kjem òg veglistene, som vi finn på nettsidene til Statens vegvesen. Veglistene er eit vedlegg til forskrifta og kjem i reviderte utgåver kvart år.

Kjelder

Lovdata: forskrift om bruk av kjøretøy

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Lover og reglar