Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mangfald i tekst: "Et sterkere vi"

Les teksten "Et sterkere vi" av Nora Ibrahim, og jobb med desse oppgåvene om temaet identitet, mangfald og representasjon.
Ung jente står framom spegelen på badet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Identitet og tekst

  1. Les "Et sterkere vi" av Nora Ibrahim, og skriv i tre minutt om kva du meiner er hovudsynspunktet i denne teksten.
  2. Les fagartikkelen om identitet og tekst. Plukk ut utdrag frå artikkelen som du meiner passar til dette sitatet frå "Et sterkere vi":

Vi har jo alle et behov for å bli speila i en fase i livet hvor vi skal finne ut hvem vi er, se noen som har opplevd eller opplever de samme problemene i hverdagen som oss, som skjønner hvordan det er å leve med to kulturer, eller som i det minste ligner litt på oss selv.

Relatert innhald

Korleis kan identiteten din bli utvikla og støtta ved at du opplever og sjølv skaper tekstar?

Oppgåve 2. Førebilete

  1. Skriv ned ei liste over dei tre siste seriane eller filmane du har sett.
  2. Kven er hovudpersonane? Skriv ned stikkord om hovudpersonane i kvar serie eller film.
  3. Gå saman i grupper, og legg alle sine stikkord inn i eit felles dokument.
  4. Sorter stikkorda etter etnisitet, kjønn, alder, legning, funksjonsnivå, klassebakgrunn.
  5. Ser de noko mønster i det de har funne?

Oppgåve 3. Analysar og diskuter

Analysar og diskuter resultatet frå oppgåve 2 i lys av sitatet nedanfor frå "Et sterkere vi".

  1. Kva førebilete har de fått presentert gjennom seriane og filmane de har sett på?
  2. Er det nokon samfunnsgrupper som er under- eller overrepresenterte her?
  3. Oppsummer resultatet frå undersøkinga de har gjort, ved at alle skriv ei setning kvar for seg, før de samanfattar i gruppa. Del med klassen, og diskuter resultata.

Det handler om at vi som jobber bak kamera og avisoverskriftene leter etter andre kilder og historier og skaper flere typer forbilder enn Camillaer og Eiriker. For vi må jo ikke glemme at forbilder skaper nye forbilder.

Oppgåve 4. Eit sterkare vi?

Diskuter avslutninga på teksten til Ibrahim, som du ser nedanfor. Kva trur de ho meiner med å "skape et sterkere vi og et oss"?

Jeg tror dette bare vil berike Norge, det vil skape et sterkere vi og et oss, og jeg tror man til syvende og sist vil skjønne seg selv og andre litt bedre.

Relatert innhald

Ein tekst av Nora Ibrahim om kvifor mangfald i media er viktig. Henta frå antologien Third Culture Kids.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?