Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mo og Jamal i "Tante Ulrikkes vei"

Romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar handlar om Mo og Jamal. Gutane bur på Stovner på Oslos austkant. Boka fortel om oppveksten deira og kan med det bli kalla ein oppvekstroman.

Romanen har ei spesiell form. Utgangspunktet er at forskaren Lars Bakken søkjer deltakarar til eit forskingsprosjekt, der han skal kartleggje kvardagen til unge i Groruddalen.

Både Jamal og Mo deltek. Men medan Mo skriv lange, velformulerte e-postar, vel Jamal å snakke i diktafon. Dermed minner romanen om ein dagbokroman. Han er sett saman av Mo sine skriftlege e-postar og Jamal sine munnlege innleveringar.

Handlinga strekkjer seg frå 2001–2006. Vi følgjer Mo som går på vidaregåande og universitetet, der han opplever ei slags identitetskrise. Jamal droppar ut av skulen og slit med å finne retning i livet.

Relatert innhald

Del 1. Jamal

Les innlesinga frå Jamal frå 5. august 2001. Diskuter gjerne i par eller grupper.

  1. Kva inntrykk får de av Jamal? Grunngi ved å vise til sitat i teksten.
  2. Korleis vil de karakterisere språket til Jamal? Grunngi òg her ved å vise til sitat i teksten.
  3. Korleis bidreg språket til Jamal til å karakterisere han som person?
  4. Har musikksmaken til Jamal noko å seie for korleis de oppfattar han? Finn gjerne musikkvideoar på internett av musikken han nemner dersom de ikkje kjenner til han.

Del 2. Mo

Les e-posten til Mo frå 5. august 2001.

  1. Kva synest Mo om Stovner? Vis til sitat i teksten.
  2. Korleis viser innlegget til Mo at han ikkje kjenner seg heime der han bur?
  3. Kva lengtar Mo etter?
  4. Kvifor er Mo oppteken av å gjere det godt på skulen?

Del 3. Mo og Jamal

  1. Kva førsteinntrykk får de av Mo og Jamal? Samanlikn dei. Peik på konkrete utdrag frå teksten for å vise likskapar/forskjellar mellom dei. Det er viktig at de ikkje berre viser til innhaldet, men også måten bidraga til Jamal og Mo er utforma på. Kva seier dette om dei?
  2. Høyr på forfattaren Zeshans Shakars opplesing frå Tante Ulrikkes vei. Kva seier Jamal sine ord om heimeforholda til Mo og Jamal?

Tante Ulrikkes vei (Gyldendal.no).

Del 4. 11. september 2001

I første del av romanen er både Mo og Jamal opptekne av det som skjer i USA 11. september 2001. Søk opp hendinga på nettet og finn ut:

  1. Kven stod bak angrepet? Korleis føregjekk det?
  2. Kvifor opplevde mange muslimar i Noreg mistru etter terrorangrepet?

Del 5. Jamal droppar ut av skulen

  1. Møtet med læraren Edvard gjer Jamal rasande. Kva er det ved Edvard sine ord som opprører han slik?
  2. Kvifor reagerer Jamal så sterkt på at lærarane skal ha tre minutts stille for dei døde etter terrorangrepet på USA?
  3. Korleis viser dette utdraget at Jamal føler seg annleis enn lærarane og medelevane sine? Vis til konkrete tekstdøme.
  4. Kan de forstå Jamal sin reaksjon? Grunngi svaret.

Del 6. Skriv som Mo og Jamal!

Handlinga i boka sluttar i 2006. Då har Mo og Jamal blitt 23 år. Korleis trur du dei har det då? Kva held dei på med?

  1. Skriv det siste innlegget i boka frå Mo og Jamal. Hugs at Mo sitt innlegg skal vere skriftleg og Jamal sitt munnleg. Du kan velje om du vil lese inn eller skrive Jamals innlegg.

Del 7. Intervju med Zeshan Shakar

Sjå Sjå intervjuet med Zeshan Shakar på NRK (frå 10:10–16:00).

  1. Kva faktorar peikar forfattaren på som skaper utanforskap blant ungdomar i Groruddalen?
  2. Kva meiner intervjuaren, Ole Torp, når han seier "mistrua sitt blikk"(15:25)?
  3. Er det noko av det Shakar seier som du kan kjenne igjen frå utdraga frå Tante Ulrikkes vei?

Del 8. Oppsummer

Oppsummer i grupper. På kva måtar tematiserer Tante Ulrikkes vei utanforskap?

Relatert innhald

Samuel Massie frå boka Hold fast! og Jamal frå Tante Ulrikkes vei droppar ut av skulen. Her skal du samanlikne karakterane.

Musikk og identitet heng saman. Dette viser utdrag frå både Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar og Leo Ajkic sitt bidrag til Third culture kids.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?