Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

E vi menneska da?

Sjå musikkvideoen til songen "Menneska", og gjer eit djupdykk i kva tekst og bilete i denne videoen seier oss.
Collage av menneske som held plakatar med ordet "Equal". Foto.

Musikkvideoen finn du under oppgåva.

1. Beskriv

Kan du beskrive det som skjer på overflata i denne videoen? Handlinga består av fleire sekvensar der vi møter ulike menneske på ulike stader. Kva slags tankar og kjensler vekkjer dei ulike sekvensane hos deg?

Lag eit to-kolonne-notat der du noterer kva som skjer av ytre handling, og kva kjensler og refleksjonar du får av å sjå på handlinga.

Døme på to-kolonne-notat

Handlingssekvens

Kva eg føler og tenkjer når eg ser dette

Videoen opnar med ein film som viser menneske på flukt – i ørkenen og til havs i ein overfylt gummibåt. Ei lita jente ser alvorleg inn i kameraet.

Ei blond jente blir sminka av ei kvinne og gjer seg klar til å bli fotografert. Ho ser glad ut. På same tid ser vi ei alvorleg jente i same situasjon. Ho har arr i ansiktet.

Dokument som du kan laste ned og bruke til å fylle ut:

Filer

2. Undersøk og tolk

  1. Kva slags funksjon har fotografia som blir brukte?
  2. Finn du nokon kontrastar i denne samansette teksten?
  3. Korleis tolkar du ordet "equal" slik det er brukt i denne videoen?
  4. Noter ned songteksten. Gir bileta ei anna meining til orda enn om du berre hadde høyrt songen?
  5. Ordet "menneske" blir brukt mykje i denne teksten.

    Kva for nokon ulike samanhengar dukkar det opp i? Kva slags verknad har dette på deg? Kva tenkjer du dette betyr?

  6. Kva kjensler eller verdiar kan dette ordet appellere til hos oss?
  7. Kva meiner du er bodskapen i denne videoen?

3. Teksten i tida

  1. Kva gjer organisasjonen Dråpen i havet, som vi blir oppmoda til å støtte på slutten av videoen?
  2. Les om Marthe Valle i dette intervjuet i fagbladet Sykepleien. Les frå avsnittet "Jobbet i flyktningleir".
  3. Korleis forstår du bodskapen og innhaldet i videoen no, etter å ha lese litt meir om Valle og Dråpen i havet?

4. Du og teksten

  1. Kva har du lært om menneske på flukt av "Menneska"? Skriv eit kort refleksjonsnotat.
  2. Vel ei formulering frå refleksjonsnotatet ditt som du liker spesielt godt og noter formuleringa på ein post-it-lapp. Viss alle klistrar lappane opp på ein vegg eller på tavla, kan de lese refleksjonane til kvarande.
  3. Diskuter forskjellar og likskapar i refleksjonane dykkar og reflekter over korleis tekstar kan treffe oss på ulike måtar.

Relatert innhald

Songteksten og musikkvideoen til "Menneska".

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?