Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er de terroristar?

Spørsmålet over blir stilt til tre karakterar i kortfilmen "No Man is an Island". I romanen Tante Ulrikkes vei blir Jamal fortald at "sånn er det her i Norge", når han frys. Eg-personen i Eg snakkar om det heile tida blir slått av ei gammal dame då ho som lita jente går med bunad.

Oppgåve 1

Del 1

Diskuter spørsmåla i grupper:

  • Finst det rasisme i Noreg i dag?
  • Om de meiner det finst rasisme – kva grupper er utsette for det?
  • Korleis kjem i så fall denne rasismen til syne?

Del 2

Sjå kortfilmen No man is an island og diskuter i grupper:

  1. Kva tematiserer denne filmen? Kva ønskjer regissøren å formidle?
  2. Korleis kjem temaet til syne?
  3. Historia vekslar mellom scenene med dei tre kameratane og ei poetisk forteljarstemme. Kvifor trur de regissøren har teke dette valet?
  4. Tre unge menn speler hovudrolla. Kva for ulike reaksjonar viser dei på den fulle mannen som set seg saman med dei?
  5. Kan de forstå reaksjonen til Amir?
  6. Kva trur de denne dialogen mellom karakterane kan bety?

- Ingen forventer å se oss tre svartinger her ute.
- Dere er svartinger. Jeg er brun. Dere sitter bakerst i bussen (...) Jeg kjører bussen.

Oppsummer: Korleis tematiserer filmen at karakterane har eit utanforskap?

Del 3

I eit intervju med filmmagasinet Rushprint (2018) fortel regissøren, Ali Parandian, at dei tre hovudrolleinnehavarane ikkje visste at det skulle kome ein fjerde skodespelar inn mot slutten. Regissøren hadde gjort ein avtale med ein skodespelar om å spele "typisk full nordmann" for å sjå korleis dei tre reagerte:

- Ingen av de andre skuespillerne vet at Jesus-figuren også er en skuespiller. De reagerer på ham som det han framstiller – en full nordmann. (...)
- 25 minutter komplett nærvær i en spisset og ubehagelig situasjon, som etter hvert ble veldig intens og ganske aggressiv. Det var en spesiell opplevelse for alle involverte.
- Jeg jobbet mye med Elias for å finne frem til den rette balansen av hvor full han tilsynelatende skulle være. (...). Elias er en god skuespiller og en svært troverdig full nordmann.

(Rushprint, 2018)

Diskuter i gruppene:

  • Får denne opplysninga deg til å forstå den siste scenen med alle fire skodespelarane på ein annan måte?

Del 4

A: Samanlikn to litterære outsiderar

Les først den siste innspelinga til Jamal (12. september, 2001) i utdraget frå Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar. Hovudpersonen i utdraget er Jamal frå Stovner. Han fortel om då han kjem til skulen dagen etter 22. juli.

Les deretter utdraget frå Eg snakkar om det heile tida av Camara Joof.

  1. Kan du sjå nokon likskapar mellom karakteren Jamal og eg-personen i "Eg snakkar om det heile tida"? Er det nokon av replikkane i tekstane som du synest viser at både Jamal og eg-personen hos Lundestad Joof blir sette på som "dei andre" på grunn av hudfargen sin?
  2. Skriv eit avsnitt der du samanliknar tekstane. Vis korleis utanforskap blir tematisert hos Shakar (gjennom Jamals historie) og hos Lundestad Joof.

B. Utforsk rasisme i Noreg i dag

Vel ei av oppgåvene under.

  1. Utforsk problemstillinga "Er det utbreidd rasisme i Noreg i dag"? Bruk forskingsrapportar, utdrag frå kortfilmen "No Man is an Island" og sitat frå dei litterære tekstane for å svare på problemstillingane.

    Legg fram funna for klassen.

    Forslag til forskingsrapportar:
    - HL-senterets studier av holdninger til jøder og muslimer
    - Fafo om muligheter for jobbintervju med utenlandsk navn
    - Dagsordensmagasin: Vi vil ikke leke med deg fordi du er brun

  2. Korleis viser den norske rasismen seg gjennom sitat? Lag ei kreativ framstilling av denne problemstillinga. Det kan vere veggavis, ein plakat, ei nettside eller anna. Bruk sitat frå filmen, utdraga frå boka og kommentarfelt du finn på nett.

Poenget med oppgåva er å vise korleis bakgrunnen til menneske, hudfarge eller religion gjer at dei blir møtte med fordommar.

Relatert innhald

Kjelder

Jakobsen, S. (25. januar, 2018). "En uvanlig musikalsk debut". Intervju i Rushprint. Henta frå https://rushprint.no/2018/01/en-uvanlig-musikalsk-debut/

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?