Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Framandkrigarar i "Dette livet eller det neste"

For Tariq er brorskapen med muslimske kameratar langt viktigare enn tilhøyrselen til Noreg. I romanen Dette livet eller det neste av Demian Vitanza møter vi gutar som er så dedikerte til islam, at dei vel å dra til Syria for å forsvare dei muslimske brørne sine.

Bakgrunn

Forfattaren Demian Vitanza heldt skrivekurs i Halden. Her møtte han ein mann som var dømd til fengsel for terrorverksemd. Sjølv påstod mannen at han berre hadde drive humanitært arbeid, men han blei ikkje trudd i retten. Romanen Dette livet eller det neste er historia hans.

Boka er skriven som ein dialog mellom forfattaren og intervjuobjektet, Tariq. Slik gir ho inntrykk av å vere dokumentarisk, nesten som ein biografi.

I romanen går vi heilt tilbake til Tariqs barndom. Vi får høyre om ein oppvekst der faren i liten grad var til stades og ei ungdomstid med mykje festing og sal av narkotika. Hovudpersonen er på veg til å bli kriminell og kjenner på ei misnøye: "Tjue år gammal, deltidsjobb på Maximat, småkriminell, på veg mot ingenting." (s. 79).

Tariq vil gjere noko med livet, ordne opp, og etter kvart byrjar han å gå i moskeen. I staden for å feste lar han skjegget gro og ber mora gå med hijab. Det endar med at Tariq blir radikalisert og dreg til Syria.

Del 1. Forstå verda rundt deg

Sit saman i grupper på seks.

Utdraget de skal lese blir enklare å forstå om de har litt kunnskapar om konfliktar i Midtausten og Russland. Utdraget tek for seg

  • dei russiske krigane mot Tsjetsjenia
  • USAs interesser i Midtausten
  • konflikten i Syria
  • IS, al-Qaida og Taliban
  • Russlands rolle i Syria-konflikten
  • Bataclan-terroristane i Paris

Set dykk inn i eitt av punkta over kvar. Bruk internett.

Etter at de er ferdige, skal de fortelje kvarandre om det de har funne ut. Lag gjerne eit tankekart som viser kva konflikten dreier seg om – kven som er ueinige om kva.

Del 2. Tekstforståing

Relatert innhald

Les utdraget frå romanen.

  1. Tariq seier at "Limet var i bunn og grunn ikke islam. Limet var felles frustrasjon" (s. 96). Kva er det gutegjengen er så frustrert over?
  2. Korleis viser arbeidsforholda til karakterane at dei er annleis enn majoriteten?
  3. Trekk ut sitat og døme som du synest viser at Tariq og kameratane er i ferd med å distansere seg frå "det norske".
  4. Kva identifiserer Tariq, Carlos, Arbi, Ali og Kushtrim seg heller med, enn norske og vestlege verdiar? Bruk gjerne sitat frå utdraget for å grunngi.

Del 3. Utanforskap

Beskriv kva som får karakterane til å kjenne seg utanfor det norske samfunnet.

  1. Kva faktorar skyv dei bort frå fellesskapen?
  2. Kva er limet i "brorskapen" deira?

Del 4. Kjelder til forståing

Du har både søkt etter informasjon på internett og lese utdraget frå boka Dette livet eller det neste.

På kva måte har dei ulike kjeldene gitt deg meir kunnskap om framandkrigarar?

Relatert innhald

Korleis viser to bøker om multikulturelle gutegjengar temaa brorskap, fellesskap og utanforskap?

Korleis kunne norske ungdomar reise til Syria for å krige for IS? Åsne Seierstads To søstre og Demian Vitanzas Dette livet eller det neste handlar om det.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?