Hopp til innhald
Oppgave

Vegen til Syria

Korleis kan ungdomar som er vaksne opp i Noreg ta val som fører dei til den grufulle krigen i Syria? To utdrag frå norske romanar kan kanskje gi nokon svar.

Del 1. Kva kan de om IS og Syria?

Set dykk i grupper på fire og sjekk forkunnskapane dykkar om IS og krigen i Syria. Diskuter spørsmåla under:

  1. Kvifor braut det ut krig i Syria i 2011?
  2. Kva er IS?
  3. Kvifor har IS blitt kjend som ei grufull terrorgruppe?
  4. Kven kriga/krigar for IS?
  5. Korleis går det med IS i dag?

Del 2. Set dykk meir inn i IS og Syria

Sjå videoen under for meir innsikt og kunnskap om IS. Videoen er frå 2018, så de kan gjerne bruke litt tid etterpå til å finne ut kva som har skjedd sidan denne blei laga.

Del 3: Norske Syriafararar

Relatert innhald

Kjeldemateriale
To søstre

Utdrag frå boka "To søstre" av Åsne Seierstad (2016)

Dei to bøkene To søstre av Åsne Seierstad og Dette livet eller det neste av Demian Vitanza handlar om unge nordmenn som dreg til Syria.

I To søstre blir vi kjende med Leila og Ayan – to søstrer som forlèt familien og eit trygt tilvære i Noreg for å hjelpe IS i Syria. Dette livet eller det neste fortel livshistoria til Tariq. Han, og nokre av kameratane hans, dreg òg til Syria. Ifølgje Tariq har han aldri kriga på IS si side, men han blei ikkje trudd i det norske rettsvesenet. Forfattaren, Demian Vitanza, skreiv boka basert på ei rekkje samtalar han hadde med Tariq i fengsel.

Les utdraga frå dei to bøkene. Målet er at du skal samanlikne Leila og Tariq. Bruk skjemaet under ("Lejla og Tariq") medan du les.

Legg merke til at skjemaet ber deg skrive inn viktige sitat. Dette treng du til dei neste oppgåvene, så ver grundig her.

Jobb med utdraga

Lejla

Tariq

Relevante sitat

Relevante sitat

To søstre

Dette livet eller det neste

Kva synsvinkel er utdraga fortalde med?

Korleis ser hovudpersonane på Noreg og norske verdiar?

Kva delar av teksten viser at personane gradvis blir meir religiøse og opptekne av å leve på «riktig» muslimsk vis?

Påstand: Både Tariq (og gjengen) og Lejla kjenner på utanforskap – altså at dei ikkje høyrer heilt til i Noreg, med nordmenn. Korleis kjem dette til syne?

Oppsummert: Kva vil du peike på som dei viktigaste årsakene til at hovudpersonane vender seg bort fra det norske og mot ekstrem islamisme?

Del 4. Diskuter funna

  1. Samanlikn funna de har gjort i firargrupper. Legg særleg vekt på den siste delen: "Kva vil de peike på som dei viktigaste årsakene til at hovudpersonane vender seg bort frå det norske og mot ekstrem islamisme?"
  2. Gå gjennom funna de har gjort i gruppa med resten av klassen. Pass på at alle tankane de kjem med blir skrivne ned i eit felles dokument, på tavla eller ein annan stad de har det tilgjengeleg.

Del 5. Vis fram funna

Vel ei av oppgåvene under. Den første oppgåva ber dykk leggje fram funna dykkar munnleg i grupper. Den andre ber dykk jobbe aleine og skrive om vedlegga.

Munnleg framføring

Jobb vidare i gruppene de danna i del 5 av oppgåva. Hald eit foredrag om Syriafararar og dei to litterære framstillingane av norske Syriafararar.

  • Intro: Ta for dykk kva IS er, og kva som kjenneteiknar europearar som dreg til Syria for å krige?
  • Del 1: Presenter dei to bøkene. Hugs å definere sjangeren av bøkene i presentasjonen (Er bøkene skjønnlitteratur eller sakprosa?).
  • Del 2: Lag ei samanlikning av Tariq og Lejla. Bruk gjerne fagomgrepa indirekte/direkte personskildring og vis korleis forfattarane med ulike grep får fram kva som kjenneteiknar Tariq og Lejla. Kva likskapar og forskjellar legg du merke til?
  • Del 3: Meiner det at Tariq og Lejla er typiske Syriafararar? (Vend tilbake til utforskinga de gjorde i del 1).
  • Konklusjon/oppsummering.

Skriftleg framstilling

Skriv eitt–tre avsnitt der du samanliknar Tariq og Lejla. Vel eit moment frå dokumentet som du kan tenkje deg å konsentrere deg om. Det kan til dømes vere:

  • Korleis ser Tariq og Lejla på norske verdiar?
  • Korleis viser utdraga Tariq og Lejlas utanforskap?
  • Kvifor blir Tariq og Lejla radikaliserte?
Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020