Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Er de terroristar?

Spørsmålet over blir stilt til tre karakterar i kortfilmen No Man is an Island. I romanen Tante Ulrikkes vei blir Jamal fortald at "sånn er det her i Norge" når han frys. Eg-personen i Eg snakkar om det heile tida blir slått av ei gammal dame når ho som lita jente går med bunad.

Del 1

Diskuter spørsmåla i grupper:

  • Finst det rasisme i Noreg i dag?
  • Om de meiner det finst rasisme – kva for grupper er utsette for det?
  • Korleis kjem i så fall denne rasismen til syne?

Del 2

Sjå kortfilmen No man is an island (lengde 28:03):

Diskuter i grupper:

  1. Kva tematiserer denne filmen? Kva ønsker regissøren å formidle?
  2. Korleis kjem temaet til syne?
  3. Historia vekslar mellom scenane med dei tre kameratane og ei poetisk forteljarstemme. Kvifor trur de regissøren har teke dette valet?
  4. Tre unge menn speler hovudrolla. Kva for ulike reaksjonar viser dei på den fulle mannen som set seg saman med dei?
  5. Kan de forstå reaksjonen til Amir?
  6. Kva trur de denne dialogen mellom karakterane kan bety?

- Ingen forventer å se oss tre svartinger her ute.
- Dere er svartinger. Jeg er brun. Dere sitter bakerst i bussen (...) Jeg kjører bussen.

Oppsummer: Korleis tematiserer filmen at karakterane har ein utanforskap?

Del 3

I eit intervju med filmmagasinet Rushprint (2018) fortel regissøren Ali Parandian at dei tre hovudrolleinnehavarane ikkje visste at det skulle komme ein fjerde skodespelar inn mot slutten. Regissøren hadde gjort ein avtale med ein skodespelar om å spele "typisk full nordmann" for å sjå korleis dei tre reagerte:

- Ingen av de andre skuespillerne vet at Jesus-figuren også er en skuespiller. De reagerer på ham som det han framstiller – en full nordmann. (...)
- 25 minutter komplett nærvær i en spisset og ubehagelig situasjon, som etter hvert ble veldig intens og ganske aggressiv. Det var en spesiell opplevelse for alle involverte.
- Jeg jobbet mye med Elias for å finne frem til den rette balansen av hvor full han tilsynelatende skulle være. (...). Elias er en god skuespiller og en svært troverdig full nordmann. (Rushprint, 2018)

Diskuter i gruppene:

  • Får denne opplysninga deg til å forstå den siste scenen med alle fire skodespelarane på ein annan måte?

Del 4

A: Samanlikn to litterære outsiderar

Les først den siste innspelinga til Jamal (12. september, 2001) i utdraget frå Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar.

Hovudpersonen i utdraget er Jamal frå Stovner. Han fortel om då han kjem til skulen dagen etter 11. september.

Les deretter utdraget frå Eg snakkar om det heile tida av Camara Joof.

  1. Kan du sjå nokon likskapar mellom karakteren Jamal og eg-personen i Eg snakkar om det heile tida? Er det nokon av replikkane i tekstane som du synest viser at både Jamal og eg-personen hos Lundestad Joof blir sette på som "dei andre" på grunn av hudfargen sin?
  2. Skriv eit avsnitt der du samanliknar tekstane. Vis korleis utanforskap blir tematisert hos Shakar (gjennom Jamals historie) og hos Lundestad Joof.

Korleis skrive avsnitt der du samanliknar tekstar? Avsnittet i rein tekst

1. Start med ei temasetning som viser kva avsnittet skal handle om.

Jamal og Massies stemmer i utdraga er ulike.

2. Skriv om tekst 1. Hugs sitat.

Jamals stemme blir først og fremst prega av at han snakkar kebabnorsk. Dermed bryt han med det som er korrekt norsk. Inkjekjønnsord blir bøygde som hankjønnsord, "problemen er det er kaldt" og verba blir plasserte på feil stad når han seier "og så de blir varmere (...)". Dessutan har han ein ganske røff tone. Utdraget er prega av at han er sint. Som ei følge av dette seier han "Norske folk er fucka" og "jævla drittsted".

3. Skriv om tekst 2. Hugs sitat.

Som ein kontrast til dette står Massies refleksjonar og spørsmål. Han er nesten poetisk i stilen: "(...) og har jeg sett inn i meg selv har det bare vært tomt". Samtidig bruker han mange banneord, akkurat slik Jamal gjer.

4. Lag ei konkluderande avslutning.

Men hovudinntrykket er at Massie verkar meir moden og optimistisk enn Jamal. Kanskje fordi han tenker tilbake og ikkje er midt i situasjonen?

B. Utforsk rasisme i Noreg i dag

Vel éi av oppgåvene under.

  1. Utforsk problemstillinga "Er det utbreidd rasisme i Noreg i dag"? Bruk forskingsrapportar, utdrag frå kortfilmen No Man is an Island og sitat frå dei litterære tekstane for å svare på problemstillingane.

    Legg fram funna for klassen.

    Forslag til forskingsrapportar:

  2. Korleis viser den norske rasismen seg gjennom sitat? Lag ei kreativ framstilling av denne problemstillinga. Det kan vere ei veggavis, ein plakat, ei nettside eller anna. Bruk sitat frå filmen, utdraga frå boka og kommentarfelt du finn på nett.

Poenget med oppgåva er å vise korleis bakgrunnen til menneske, hudfarge eller religion gjer at dei blir møtte med fordommar.

Kjelde

Jakobsen, S. (25. januar, 2018). "En uvanlig musikalsk debut". Intervju i Rushprint. Henta frå https://rushprint.no/2018/01/en-uvanlig-musikalsk-debut/

Massie, S. (2014). Hold fast! (1.utg.). Spartacus Forlag.

Shakar, Z. (2018). Tante Ulrikkes vei (7.utg.). Gyldendal Norsk Forlag.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 13.11.2025