Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utanforskap i "To søstre"

To heilt "normale" jenter blir radikale muslimar og dreg til Syria. Korleis kunne det skje? Kanskje ligg noko av løysinga i utanforskapet dei kjende på som ungdomar?

Oppgåve

Del 1. Førehandskunnskapar

Diskuter i grupper:

  1. Kva forbind de med radikal islam?
  2. Kva forbind de med IS og medlemmar av IS?
  3. Kva veit de om nordmenn som har drege til Syria for å krige for IS?

Var de blanke? Les dykk gjerne opp litt på internett om de treng meir kunnskap om emnet.

Del 2. Intervju med forfattaren

Sjå intervjuet forfattaren Åsne Seierstad gjer i Bokprogrammet på Nrk.no.

Svar på desse spørsmåla medan du ser på intervjuet:

Kva seier Åsne Seierstad om

  1. kvifor ho skreiv boka?
  2. kvifor det var så uforståeleg at nettopp desse to jentene drog til Syria?
  3. korleis ho jobba då ho skreiv boka og kva kjelder ho brukte?
  4. årsaker til at jentene blei radikaliserte?
  5. korleis Islam.net framstilte nordmenn?

Del 3. Tekstforståing

Les utdraget frå To søstre. Svar på spørsmåla under. Det er viktig at du grunngir alle svar på spørsmål ved å vise til sitat i teksten. Sitata er nemleg grunngivingane dine.

  1. Den første delen av teksten viser korleis Leila både prøver å passe inn og korleis ho skil seg ut. Kva faktorar skil henne frå klassevenninnene?
  2. Kva delar av teksten synest du viser Leila sitt utanforskap?
  3. Utdraget viser at Leila blir meir og meir religiøs i løpet av ungdomsskulen.

    • Kva hendingar viser at Leila er i ferd med å bli ein strengare muslim?
    • Korleis reagerer lærarane og dei andre i klassen på endringa til Leila?
  4. Kva er Leila sitt mål i livet? Kvifor har ho dette målet?

Del 4. Kven er Leila?

Boka til Seierstad er skriven med e-post, dagbøker og intervju som kjelder. Ho har aldri snakka med Leila eller storesøstera Ayan.

Skriv historia om Leila si ungdomsskuletid med Leila som eg-forteljar. Kva trur du ho tenkte på i denne perioden? Kva blei avgjerande for at ho forandra seg?

Tips: Kanskje kan du skrive i dagbokform?

Del 5. Familien heime

Korleis reagerer du viss ein familiemedlem bestemmer seg for å krige for ein terrororganisasjon? Faren til Lejla og Ayan var desperat og drog inn i krigsherja Syria for å hente døtrene. Broren, Hassan, skreiv meldingar med Lejla.

Sjå intervjua med Sadiq og Hassan og svar på spørsmåla under aleine. Set dykk deretter i grupper og diskuter svara på spørsmåla.

Intervju med Åsne Seierstad og Sadiq Juma hos Lindmo på NRK (frå 34:30).

99 % norsk med Hassan Juma (tekst og filmklipp frå Nrk.no)

  1. Korleis vil du seie at Sadiq og Hassan sitt syn på radikal islam, IS og Noreg skil seg frå Leila sitt syn?
  2. Intervjuet med Sadiq Juma viser at det ikkje berre er utanforskap, men også andre årsaker som kan ha bidrege til radikaliseringa av døtrene. Kva for årsaker?
  3. Er det mogleg å forstå kvifor nokon skulle ønskje å krige for ein terrororganisasjon?

Del 6. Utanforskap i det lykkelegaste landet i verda?

  1. Drøft påstandane under i grupper:
  • Utdraget frå To søstre viser at innvandrarar og andregenerasjonsinnvandrarar alltid vil kjenne på eit utanforskap i Noreg.
  • Utdraget frå To søstre viser at Leila er utakksam.
  • Leila blir diskriminert.
  • Leila diskriminerer ikkje-muslimar.
  • Utdraget frå boka viser at klassekameratane til Leila burde ha behandla ho annleis.

Avslutt med å skrive ein kort argumenterenede tekst du presenterer ditt syn på to–tre av punkta over. Grunngi ved å vise til sitat i teksten og kommenter desse.

Relatert innhald

Korleis kunne norske ungdomar reise til Syria for å krige for IS? Åsne Seierstads To søstre og Demian Vitanzas Dette livet eller det neste handlar om det.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?