Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dei andre sitt blikk

Korleis er det å leve med eit bein i to ulike kulturar? Dette tematiserer både den kjende rapgruppa Karpe og den unge lyrikaren Sarah Zahid.

Del 1. Karpe

"Tusen tegninger" er ein låt gruppa Karpe laga då dei framleis heitte Karpe Diem. Finn fram musikkvideoen på internett, og ha teksten framfor deg. Følg med på både video og tekst.

Etter at du har sett videoen og lese teksten, svar på dette:

  1. Kva meiner du er temaet i songen?
  2. Trekk ut to sitat frå teksten som du synest får fram dette temaet.
  3. Samanlikn med andre i klassen. Tolkar de teksten likt?

Del 2. Sarah Zahid

Den unge lyrikaren Sarah Zahid har bidratt til boka Third Culture Kids.

Les diktet "Kjellermennesker" på Periskop sine sider.

  1. Kva meiner du er temaet i "Kjellermennesker"?
  2. Kva likskapar ser du mellom "Kjellermennesker" og "Tusen tegninger"?
  3. Samanlikn svara dine med to–tre andre i klassen.

Del 3. Dei andre sitt blikk

Begge tekstane viser korleis det er å vekse opp som truande muslim i Noreg. Begge tekstane viser òg eit lyrisk eg som meiner å oppleve fordomar frå majoriteten.

  1. Pek på kva fordomar muslimar møter, ifølgje tekstane. Bruk sitat frå tekstane når du grunngir.
  2. Diskuter kva som kan vere årsaka til at muslimar opplever fordomar frå majoritetssamfunnet.
  3. Dei siste åra har det blitt skrive mange tekstar om å leve som muslim i Noreg. Kva kan vere årsaka til dette?
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?