Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å droppe ut av skulen

"Dropouts", "taparar", "fråfallarar". Det finst mange ord om dei som ikkje fullfører skulen. Jamal frå Tante Ulrikkes vei og Samuel Massie frå Hold fast! er representantar for desse ungdomane.

Les utdraget om Jamal (12. september 2001) frå Tante Ulrikkes vei og Samuel Massie frå Hold fast!. Fokuser på delane som tek for seg forholdet hovudpersonane har til skulen.

Oppgåve 1. Tekstforståing

  1. Samanlikn eg-personane si framstilling av skulen. Kva likskapar og forskjellar finn du i skildringane?
  2. Samanlikn eg-personane. Korleis vil du beskrive forteljarstemmene deira? Bruk sitat når du grunngir.
  3. Oppsummer: Kvifor sluttar både Jamal og Samuel Massie på skulen?

Oppgåve 2. Eit møte mellom to dropouts (kreativ skriving)

Denne oppgåva passar fint både aleine og i par.

Korleis ville eit møte mellom Jamal og Samuel Massie gått føre seg? Førestill deg at Jamal går vidare frå skulen 12. september 2001. Han går ut i skogen og møter Samuel som nettopp har fått fyr på bålet.

Skrive aleine

Lag ein dialog mellom Jamal og Samuel.

Skrive i par

Lag ein dialog mellom Jamal og Samuel. Ein av dykk skal skrive Jamal sine replikkar, den andre Samuel sine.

De kan anten opprette eit samskrivingsdokument eller skrive på eit ark/ein PC og sende det mellom dykk. Prøv å gjere dette utan å snakke saman. Då kan det vere enklare for dykk å gå inn i dei to ulike rollene.

Tips til begge oppgåvene:

Pass på å bevare stemmene til gutane i dialogen:

  • Jamal snakkar kebabnorsk og er ganske kjapp og røff.
  • Samuel har ein litt meir poetisk og undrande tilnærming til livet.

Relatert innhald

Korleis skrive kebabnorsk?

Legg merke til kva "språkfeil" Jamal gjer. Dette er meir eller mindre bevisste brot med grammatiske reglar for å skape eit munnleg språk som kjenneteiknar ungdom frå Groruddalen:

Feil kjønn på substantiv: Til dømes "en hus" i staden for "et hus".

Feil plassering av verb: "Plutselig jeg hører Carina" i staden for "Plutselig hører jeg Carina".

Feil bøying av verb: Jamal seier "jeg sovde" i staden for "jeg sov".

Mykje bruk av ord frå arabisk, somalisk, tyrkisk, urdu: "Wollah, sjofe, avor ..."

Oppgåve 3. Samanlikn Massie og Jamal (analytisk skriving)

Skriv eit avsnitt der du samanliknar dei fiktive karakterane Jamal og Samuel Massie sine "eg".

Temaet for avsnittet skal vere årsaker til at gutane droppar ut av skulen.

Tips

Legg merke til både likskapar og forskjellar i historiene. Kva forhold har gutane til lærarane? Kva er det dei saknar frå lærarane sine? Og kva med å reflektere over eigne feil – gjer begge gutane det?

Under kan du sjå eit døme på korleis du kan setje opp avsnitt der du samanliknar karakterar. I dette avsnittet blir karakterane Jamal og Mo frå Tante Ulrikkes vei samanlikna.

Oppgåve 4. Kvifor droppar ungdom ut av skulen? (akademisk skriving)

Del 1

Jamal og Samuel Massie sine historier er langt frå unike. Fråfall blir nemleg rekna som eitt av dei viktigaste problema i norsk skule. No skal du skrive eit avsnitt der du

  1. viser at Jamal og Massie sine historier ikkje er uvanlege for norske gutar
  2. trekkjer inn forsking for å grunngi påstanden din

Det å bruke kjelder i eiga skriving er vanleg i fagartiklar, debattartiklar og lesarinnlegg. Det vil auke truverdet ditt og føre til at innhaldet verkar meir truverdig.

Du kan finne kjelder sjølv eller bruke kjeldene nedanfor:

Norsk skole er ikke lagd for gutter i Utdanningsnytt

Fråfall i videregående opplæring hos Utdanningsforbundet

Relatert innhald

Utdrag frå boka Hold fast! av Samuel Massie.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?