Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er utanforskap?

Å vere ein del av ein felleskap gir ei kjensle av tryggleik og tilhøyrsel. Du kan til dømes finne fellesskap blant vener, på skulen og som ein del av det norske samfunnet. Men somme grupper og individ står utanfor denne fellesskapen. Dette kallar vi utanforskap.
Eit fåtal figurar som symboliserer menneske står inne i ein sirkel, medan mange står utanfor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utanforskap er meir enn det å kjenne seg einsam. Det kan ramme enkeltpersonar eller heile grupper av menneske som fell utanfor – til dømes ved at dei ikkje får jobb, droppar ut av skulen, eller at dei ikkje forstår språket. Det påverkar korleis dei meistrar livet sitt, men også menneska dei har rundt seg – som familien og nære venner.

Somme kan òg velje å stå utanfor og ta avstand til normene som finst i fellesskapen. Ved å lage sine eigne reglar markerer dei motstand mot det etablerte. Viss det skjer med grupper av menneske, kan det oppstå parallelle samfunn.

Språk kan vere med på å forsterke utanforskapen, som når vi definerer "oss" mot "dei andre". Men språk kan òg inkludere, som når vi snakkar om eit større "vi" og "oss".

Les meir om utanforskap i artikkelen frå samfunnskunnskap:

Relatert innhald

Utanforskap er å stå utanfor fellesskapet, og kan ha fleire grunnar. Sosiale forskjellar har sterk samanheng med utanforskap.

Kjelde

Tjora, Aksel. (2018, 10. mai). Utenforskap. I Store norske leksikon. Henta 9. januar 2020 frå https://snl.no/utenforskap

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?