Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk utanforskap

Det å verkeleg forstå eit så vidt omgrep som utanforskap krev at vi går i djupna i fagstoff, tekstar og forteljingar om temaet. Her utforskar du omgrepet gjennom å diskutere, lese og reflektere.

Oppgåve 1

Diskuter i grupper på fire–fem personar:

  • Kva kan ordet "utanforskap" bety?
  • Kva grupper og/eller individ trur de er spesielt utsette for utanforskap?
  • Viss nokon er "utanfor", må det òg bety at nokon er "innanfor". Kven kan desse som er "innanfor" vere?
  • Spør heime kva dei legg i omgrepet utanforskap. Viss du har eit anna morsmål enn norsk, finn ut kva omgrepet heiter på morsmålet ditt og diskuter det med nokon andre som snakkar språket.

Oppgåve 2

  • Finn ein definisjon på omgrepet "andregjering" frå lenkja under og skriv eit avsnitt om kva det omfattar. Ta med eit døme på andregjering som du finn på nettstaden Dembra:
    Vi, de andre og andregjøring
  • Kan dette omgrepet hjelpe oss til å gi ei meir nyansert forståing av utanforskapsomgrepet?
  • Finn døme på bruken av "vi" og "dei andre" frå di eiga sosiale verd. Kven blir inkluderte som "vi" , og kven blir ekskluderte som "dei andre"?
  • Les artikkelen "I Norge respekterer vi hverandre" i Morgenbladet og diskuter bruken av "vi" i desse utsegnene: "I Norge håndhilser vi på hverandre" og «I Norge spiser vi svin, drikker alkohol og viser ansiktet vårt».
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?