Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kreative oppgåver om filmen No man is an island

I denne oppgåva skal de utfordre kreativiteten og forståinga dykkar av identitet og minoritetsstress i møte med eit dikt og ein kortfilm.
Ein ung mann sit åleine med ryggen til på ein benk. Det er utsikt over eit vatn og haustfargar på trea. Sognsvann. Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Les dikt

Les diktet "Det er den draumen" av Olav H. Hauge på boktips.no.

Lag ei visuell tolking av diktet ved hjelp av eit digitalt presentasjonsverktøy eller eit videoredigeringsverktøy.

Som visuelle uttrykk kan du til dømes bruke teikningar, måleri, gatekunst, filmopptak eller fotografiske uttrykk. Du kan bruke uttrykk andre har laga, men sjølvsagt også lage eigne visuelle uttrykk.

Oppgåve 2. Sjå kortfilm

Sjå kortfilmen No man is an island (2017) nedanfor. Filmen er regissert av Ali Parandian, som kom frå Iran til Noreg i 1989.

I filmen møter vi venene Erffan, Amir og Carlos. All tre har minoritetsbakgrunn, men dei taklar livet ulikt. Gutane blir oppsøkte av ein kvit, rusa mann som kallar seg Jesus. Kva er det eigentleg han vil?

Filmen blir innleidd med diktet du jobba med i oppgåve 1. Eit dikt er ein lyrisk tekst som er kjenneteikna av konsentrert bruk av . Men omgrepet "lyrisk" blir også brukt om andre tekstar som gir uttrykk for kjensler og stemningar.

  1. Beskriv dei lyriske verkemidla i filmen. Stikkord: motiv, biletutsnitt, lys, fargar, klipperytme og musikk.

  2. Kvifor trur du filmen har fått tittelen No man is an island?

Oppgåve 3. Lag ein rap

Filmen No man is an island tek opp eit tema som mange med minoritetsbakgrunn kan kjenne seg igjen i. Les meir om dette i fagartikkelen "Minoritetsstress".

påverkar den psykiske helsa vår og kan gjere oss ekstra sårbare. Forventninga om ein negativ reaksjon kan kome av di eiga erfaring eller at du har erfart at andre i same minoritetsgruppe blir utsette for dette.

Jobb saman i grupper. Lag ein rapplåt som handlar om minoritetsstress, og framfør denne for resten av klassen. Dersom de ønskjer det, og dersom tida strekk til, kan de lage ein musikkvideo.

Relatert innhald

Minoritetsstress er knytt til eigen identitet og andre sine haldningar. Tilhøyrer du ei gruppe i mindretal, kan du bli utsett for ei tilleggsbelastning.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?