Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Brorskap og utanforskap

Kva rolle speler "brorskapen" i to gutegjengar med utanlandsk bakgrunn?

Denne oppgåva tek utgangspunkt i to tekstar:

  • utdraget frå Dette livet eller det neste av Demian Vitanza
  • utdraget frå "Brorskap og enhet" av Leo Ajkic frå boka Third Culture Kids

Del 1. Kva er brorskap?

Jobb saman i par eller grupper. Bruk internett eller biblioteket:

  1. Kva betyr ordet "brorskap"? Finn definisjonar på pålitelege sider, som desse to ordbøkene: Det norske akademis ordbok og Bokmålsordboka / Nynorskordboka.
  2. Gjer eit søk på internett. Korleis blir ordet "brorskap" brukt? Sjå til dømes på historiske betydingar refereret til av snl.no, Wikipedia osb.
  3. Skriv ned det de finn, gjerne i eit tankekart.

Del 2. Brorskap i Dette livet eller det neste

Jobb aleine. Les utdraget frå Dette livet eller det neste av Demian Vitanza.

  1. Kva er det som held gutane saman? Trekk ut sitat som viser at det er mykje forskjellig dei har felles.
  2. Kva er det dei misliker og snakkar stygt om? Skriv ned sitat som grunngiving.

Del 3. Brorskap i Third Culture Kids

Jobb aleine. Les utdraget frå Third Culture Kids av Leo Ajkic.

  1. Kva skaper ein fellesskap i Leo Ajkic sin gjeng? Grunngi ved å vise til sitat.
  2. Har denne brorskapen ein felles fiende, slik gjengen i Dette livet eller det neste har? Grunngi svaret ditt.

Del 4. Samanlikn tekstane

Jobb i par eller grupper.

  1. Diskuter svara de har funne på del 2 og 3. Har de gjort dei same funna?
  2. Samanlikn tekstane. Kva likskapar og forskjellar finn de i dei? Lag gjerne ei skjematisk oversikt.
  3. Diskuter utdraga:

    • Kva for ein av gjengane meiner de kjenner mest på "utanforskapet"?
    • Kvifor er det slik? Finn eit sitat som viser temaet utanforskap tydeleg.

Del 5. Skriv eit avsnitt der du samanliknar tekstane

Jobb aleine eller i par. Skriv eit avsnitt der du/de samanliknar brorskapen i dei to tekstane.

I presentasjonen under vil du både finne tips til korleis du kan setje opp avsnittet og til å lage ei temasetning du kan bruke som skrivestartar.

Relatert innhald

"Brorskap og enhet" er skriven av Leo Ajkic. Teksten er publisert i boka Third Culture Kids (Naqvi, 2019).

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?