Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samuel Massies "Hold fast!"

I boka Hold fast! fortel Samuel Massie om korleis han gjekk frå småkriminell bygut og skule-dropout, til utforskar på polarekspedisjonar.
Ei kvinne sit ved eit bål i ein skog. Ho legg ved på bålet. Det er mørkt rundt ho. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les tekstutdraget frå boka og svar på oppgåvene.

Relatert innhald

Utdrag frå boka Hold fast! av Samuel Massie.

Oppgåve 1. Inn i teksten

  1. Beskriv kort den ytre handlinga i teksten.
  2. Kva inntrykk får du av eg-forteljaren i dette utdraget? Kva er det i teksten som gir deg dette inntrykket?
  3. Samuel er på dette tidspunktet i boka på frilufts-folkehøgskule fordi han droppa ut av vidaregåande skule. Korleis kjem det fram i teksten? Kva slags forteljarteknisk grep bruker han?
  4. Korleis forklarer Samuel at det ikkje gjekk så bra på skulen?
  5. Teksten beskriv eit vendepunkt i livet hans. Kva er det som gjer at han får fyr på bålet til slutt?
  6. Kva betyr uttrykket "å smi si eiga lykke"? Kva tenkjer du om innhaldet i omgrepet? Er det alltid mogleg "å smi si eiga lykke"?
  7. Forteljarstilen i teksten er munnleg i forma. Finn døme på det i teksten. Kva slags verknad har dette?
  8. Sjå intervjuet med Samuel Massie i klippet nedanfor. Korleis grunngir han den munnlege forma?

    NRK "Brenner og bøkene": Intervju med Samuel Massie

Oppgåve 2. Reflekter og diskuter

  1. Diskuter denne påstanden: Viss du forandrar måten du tenkjer på, kan du òg forandre kurs i livet.
  2. Kan det å skrive om livet hjelpe oss med å leve? Grunngi svaret.
  3. Kjenner du/de igjen nokon av skildringane av skule eller meistring som Samuel Massie kjem med i teksten?
  4. Korleis kan vi bruke røynslene som Samuel fortel om for å hindre at andre unge fell ut av skule- og arbeidsliv? Skriv ned eit forslag.
  5. Oppsummer: På kva måtar tematiserer utdraget frå Hold fast! utanforskap?

Oppgåve 3. Skriv sjølv

  1. Korleis trur du livet til Samuel Massie kunne blitt om han ikkje hadde kome til dette vendepunktet? Skriv ein alternativ slutt til tekstutdraget der bålet ikkje tek fyr.
  2. Skriv ein tekst der du beskriv eit vendepunkt i livet. Hovudpersonen er i ferd med å falle utanfor samfunnet, men opplever noko som gjer at hen får mot og vilje til å halde fram. Bruk eit munnleg språk som passar til hovudpersonen din. Finn òg gjerne eit sentralt motiv for forteljinga di, slik Massie har brukt bålet i si forteljing.

Relatert innhald

Utdrag frå boka Hold fast! av Samuel Massie.

Samuel Massie frå boka Hold fast! og Jamal frå Tante Ulrikkes vei droppar ut av skulen. Her skal du samanlikne karakterane.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?