Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dykk i djupna på utanforskap

Kva gjer at nokon hamnar utanfor ein fellesskap, eller at dei føler seg annleis enn "alle andre"? I denne oppgåva skal du fordjupe deg i tekstar om utanforskap.

Å fordjupe seg betyr ifølgje ordboka "å gå i djupna" og "samle tankane sine". Når du dykkar i djupet på eit emne, vil du sannsynlegvis både få meir kunnskap og forstå meir. Denne oppgåva legg vekt på det norskfaglege, men i djupnelæring kan det vere lurt å trekkje inn kunnskap frå fleire fag for å forstå temaet godt. Når du skal fordjupe deg i utanforskap, passar nok særleg samfunnsfaglege emne inn.

Kva er djupnelæring?

Djupnelæring inneber at du

  • først skal avdekkje kva du kan om eit tema
  • deretter skal byggje opp ny kunnskap gradvis. Bruk gjerne mange ulike teksttypar: dokumentarfilmar, fiksjonsfilmar, saktekstar og skjønnlitteratur
  • ser etter likskapar og forskjellar mellom tekstane
  • byggjer kunnskap i samspel med både medelevar og læraren din: diskuter, vurder og lytt!
  • analyserer og reflekterer over tekstane du bruker undervegs
  • òg reflekterer over eiga læring undervegs og mot slutten av prosessen. Kan noko av det du har lært, overførast på andre tema eller brukast i andre samanhengar?

Tilrådingar

Mange av tekstane vi tipsar deg om under, er utdrag frå bøker. Om du verkeleg vil gå i djupna, bør du lese ei heil bok. Les gjennom utdraga og finn ut kva for eit/kva for nokre utdrag du synest er mest interessant(e). Gå deretter på biblioteket og lån boka.

Eit godt tips i startfasen er å lage ei problemstilling du ønskjer å finne svar på. Skriv gjerne ned nokre spørsmål du lurer på heilt i starten. Etter kvart kan du forme desse spørsmåla til ei problemstilling. Ikkje ver redd for å endre formuleringa i problemstillinga undervegs. Hugs at problemstillingar er dynamiske!

Tema: Utanforskap blant unge med innvandrarforeldre

Korleis er det å vekse opp med eit bein i to ulike kulturar? Mange av tekstane under viser at innvandrarar og norskfødde barn av innvandrarar opplever utanforskap og rasisme. I verste fall kan utanforskapet vere ei årsak til radikalisering.

Utdrag

Les!

Sjå!

Lytt!

Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar. Stikkord: Utanforskap, oppvekst og "dei andre sitt blikk". (Roman).

Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof. Stikkord: Rasisme og å ikkje sjå "norsk" ut. (Sjølvbiografi).

"Brorskap og enhet" fra Third culture kids, ein antologi. Stikkord: Å vekse opp mellom kulturar. (Sakprosa).

Dette livet eller det neste av Demian Vitanza. Stikkord: Å ikkje passe inn og radikalisering. (Roman).

To søstre av Åsne Seierstad. Stikkord: Å ikkje passe inn og radikalisering.(Sakprosa).

No man is an island av Ali Parandian. Stikkord: Rasisme og å ikkje sjå "norsk" ut. (Kortfilm).

Episoden om rasisme på NRK-programmet Chattes. (Debatt).

Tusen tegninger av Karpe. Stikkord: Å leve som muslim i Noreg og "dei andre sitt blikk". (Songlyrikk).

Forslag til problemstillingar

  • Korleis kan det å vere norskfødt med to innvandrarforeldre føre til utanforskap? Reflekter over både dei styrkane dei av oss med ein slik bakgrunn kan ha, og kva slags utfordringar dei møter.
  • "Dei andre sitt blikk" – kva fordommar møter minoritetar i Noreg fordi dei ikkje ser norske ut?
  • Korleis er det å leve som truande muslim i Noreg?
  • Kva faktorar kan føre til radikalisering av ungdomar med innvandrarforeldre?

Forslag til korleis du kan leggje fram funna dine

I norskfaget blir det forventa at du trekkjer inn døme frå tekstar du har lese når du skal presentere emnet du har fordjupa deg i. Her kjem forslag til korleis du kan leggje fram funna dine:

  • Skriv ein fagartikkel der du reflekterer over ulike perspektiv på utanforskap blant unge innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.
  • Lag ein podkast. Gå saman i grupper på tre eller fire og diskuter dei ulike perspektiva på utanforskap som kjem fram i tekstane.
  • Hald eit foredrag om ulike perspektiv på utanforskap blant ungdomar med innvandrarforeldre.
  • Foredrag med rollespel. Gå saman i grupper. Hald eit foredrag, men veksle mellom klassisk foredrag og rollespel. Bruk scener frå tekstane de har lese for å illustrere poenga de vil ha fram.
  • Arranger ein klassediskusjon. Alle i klassen les tekstar. Vel ut to medelevar som skal leie diskusjonen.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?