Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Arbeidsnever" - ei novelle om livet i arbeidarklassen

I novella "Arbeidsnever" av Jan Kristoffer Dale heiter hovudpersonen Trygve. Han har opplevd utanforskap gjennom oppveksten og slit med å finne seg til rette i jobben. Du skal lese og tolke novella. Til sist skal du skrive om novella med norskfaglege omgrep.
Til læraren:

I dette opplegget skal elevane jobbe med samanhengen mellom verkemiddel og tema i novella. Dei vil få innsikt i korleis ei flat spenningskurve og bruk av dialekt skaper realisme.

Dales podkast er fin inspirasjon før elevane les novella. Han kan inspirere elevar til å skrive si eiga historie i skjønnlitterær form.

Del 1: Kontekst - høyr podkast

Når vi les skjønnlitterære tekstar, er det ikkje alltid relevant å gå inn på biografien til forfattaren. Men novella "Arbeidsnever" har ei handling som liknar på Jan Kristoffer Dales eige liv. I radioprogrammet Sommer i P2 på NRK fortalde Dale om ein oppvekst med utestenging og mobbing både frå andre ungdommar og frå lærarar på grunn av vekta si.

Lytt til podkasten på nettsidene til NRK: Sommer og vinter i P2 (nrk.no)

Samandrag av podkasten

I podkasten fortel Jan Kristoffer Dale om oppveksten sin i Froland. Han og broren opplevde mobbing fordi dei var overvektige. Det enda med at dei to hang saman og brukte mykje tid på film. Dei hadde lite sosial omgang med andre.

Då Jan Kristoffer Dale var ferdig med ungdomsskulen, gjekk han på vidaregåande skule i Arendal. Her var det eit par lærarar som plaga han på grunn av vekta. Dette var ei av dei viktigaste årsakene til at han ikkje klarte å fullføre skulen. Han vart ein såkalla drop-out.

Dale hadde problem med å få jobb, men tok strøjobbar, til dømes på eit bryggjeri. Det var eit hardt arbeid han ikkje treivst med.

Jan Kristoffer Dale fortel òg om dei litterære heltane sine og korleis han sjølv byrja å skrive.

Diskuter i grupper:

Kva synest de om Dales forteljing om eigen oppvekst? Var det delar av historia som gjorde spesielt inntrykk på dykk? Kvifor (ikkje)?

Del 2: Les novella og diskuter

Relatert innhald

Åleine:

  1. Les novella

  2. Kva kjensler sit du igjen med etter å ha lese novella? Skriv ned.

I grupper:

  1. Forklar kva du skreiv og forklar kvifor du sit igjen med desse kjenslene.

  2. Kva likskapstrekk finn de mellom Jan Kristoffer Dales eige liv og handlinga i novella?

  3. Kva miljø går handlinga føre seg i?

  4. Korleis synest de forfattaren framstiller jobben til Trygve? Vis med minst to sitat frå novella.

  5. Kva meiner de er temaet i novella? Grunngi ved å finne minst eitt eller to sitat.

I plenum:

Alle gruppene kjem med bidraga sine til kva som kan vere temaet i novella. Skriv dei opp på tavla.

Del 3: Spenningskurve, dialekt og realisme

Modell som viser korleis spenningskurven gradvis stig mot eit klimaks, før han fell mot ei løysing og avslutning . Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi bruker gjerne omgrepet spenningskurve om handlinga i skjønnlitterære tekstar. Grovt sett kan vi seie at dei har:

  • innleiing

  • eitt eller fleire høgdepunkt/vende-punkt

  • avslutning

I par:

Diskuter og teikn opp spenningskurva i novella "Arbeidsnever".

I plenum:

  1. Samanlikn illustrasjonane dykkar med dei andres i klassen.

  2. Kvifor trur de Jan Kristoffer Dale har valt nettopp denne spenningskurva?

  3. Korleis bidreg spenningskurva i novella til å skape realisme? Eller med andre ord: Kvifor gjer nettopp denne spenningskurva novella meir røyndomsnær?

  4. Eit anna verkemiddel i novella som bidreg til realismen er replikkane. Finn døme på dette.

  5. Korleis vekslar novella mellom notid og fortid? Korleis bidreg tilbakeblikka med å forklare kven Trygve er i notidshandlinga?

Del 4: Symbolikk og gjentakingar

  1. Novella har eit døme på gjentakande symbolikk. Klarer de å finne denne og forklare kva han betyr for novella?

Hint

Tittelen til novella

Del 5: Klasseperspektivet

Jan Kristoffer Dale vart intervjua av Dagsavisen like etter at novellesamlinga Arbeidsnever kom ut. I dette intervjuet sa han:

– Jeg var veldig sinna da jeg skrev tittelnovella, "Arbeidsnever" [...] At Norge liksom er et klassefritt samfunn, bare ler han av. – Det skal ikke mye til for å vise at klasseskillet fins likevel. Et par år på høgskole, sett mot noen som kanskje ikke fullførte videregående, så ser man forskjellene. Hvordan man går kledd, hva man spiser, små og store ting. Da jeg jobba i flaskesorteringa på bryggeriet hadde vi av og til folk innom på kveldstid, som dugnad for lag og foreninger. Da sto det menn med høy utdannelse og lederstillinger i andre bransjer, side om side med meg, og snakket om at dette her var en skikkelig bomsejobb. Jobben jeg utførte hver dag. Min mor, som er reinholder i kommunen, kjenner også mye på det. På skammen.
(Sandve, 2016)

Diskuter i plenum:

  1. Kva for typiske arbeidarklassemarkørar har familien til Trygve?

  2. Kva kjenneteiknar Steinar, representanten for middelklassen?

  3. Kjenner de att det Dale seier? Er det skamfullt å ha foreldre som jobbar i arbeidarklassen eller er trygda? Og er det stas å fortelje at du er legeson, advokatdotter eller ...?

  4. Ville det vore skamfullt for dykk ikkje å fullføre noka utdanning og i staden jobbe i eit yrke som ikkje krev utdanning og har låg lønn? Kvifor (ikkje)?


Del 6: Skriv sjølv

Vel éi av oppgåvene under:

Oppgåve 1

Skriv ein tekst på 500–700 ord om kva som er temaet i novella "Arbeidsnever" og korleis dette temaet kjem til syne. I teksten din skal du bruke desse fagomgrepa:

  • flat spenningskurve

  • replikkar på dialekt

  • realisme

  • røyndomsnær

  • symbolikk

  • gjentaking

  • notid og fortid

  • tilbakeblikk

  • arbeidsnevar

  • arbeidarklassemarkørar

Kvifor skal du gjere dette?

I denne oppgåva skal du særleg øve deg på å bruke norskfaglege omgrep om ein skjønnlitterær tekst. Jobb med å kople verkemiddel saman med temaet i novella.

Relatert innhald

Oppgåve 2

Skriv ei novelle om ditt eige liv. Målet er at novella skal vere røyndomsnær. Bruk gjerne desse verkemidla for å skape realisme:

  • Ei notidshandling skriven i presens, men med tilbakeblikk skrivne i preteritum eller andre fortidsformer. Vel tilbakeblikk som er avgjerande for å forklare kven du er i dag.

  • Ei blanding av tankereferat og replikkar. Skriv gjerne replikkane på dialekt og/eller bruk av sosiolekt.

  • Ei spenningskurve som du synest er truverdig. Det vil seie: Viss du vil fortelje om noko dramatisk, bør du auke spenninga, men viss du vil fortelje om eit litt hendingslaust liv, slik Dale gjer, bør spenningskurva vere flat.

Kjelder

Sandve G.E.S. (31.08.2016) i "Livet mitt er ikke skittent" frå Dagsavisen.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?