Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rasisme i "Eg snakkar om det heile tida"

Boka Eg snakkar om det heile tida er ein slags sjølvbiografi. Her fortel Camara Lundestad Joof om å bli sett på som forskjellig. Ho er fødd og oppvaksen i Noreg, men fordi ho har gambisk far og er mørkhuda, skil ho seg ut. Boka handlar om rasisme og utanforskap.

Camara Lundestad Joof presenterer boka si slik i eit interjvu med NRK:

– Boka handlar om å vere fødd her, vere norsk, men brun – men likevel ikkje alltid få tildelt den norske identiteten sin. Om korleis ein ber vald og rasisme i kroppen sin.
– Har du vorte utsett for mykje av det?
– Eg har vorte banka opp av nynazistar i Sandefjord då eg var 14 år gammal, og då eg var seks år vart eg slått med paraply fordi ei dame ikkje meinte at eg fortente å gå med nordlandsbunad.
Likevel understrekar ho at det er dei små kommentarane som stikk djupast.
– Det er sånn som å bli mistenkt for å snike av medpassasjerar, når du har billett til første klasse på toget. Eller å bli skulda for å vere prostituert utan vidare i Oslo.

(NRK.no, 2018)

Oppvarmingsoppgåve

Sit saman i grupper og diskuter:

  1. Har de nokon gong sjølv opplevd eller sett døme på diskriminering på grunn av utsjånad?
  2. Korleis reagerte de då de opplevde eller såg dette?
  3. Om den same situasjonen hende på nytt – ville de reagert annleis då?

Oppgåve 1. "Å slutte"

Relatert innhald

Les det første utdraget frå Eg snakkar om det heile tida.

  1. Eg-personen fortel om mange ulike kjensler som blir vekte i henne når ho opplever rasisme eller prøver å forklare kvite menneske korleis rasisme kjennest. Kva for ulike kjensler fortel ho om?
  2. Kva for språklege verkemiddel bruker ho for å få fram kjenslene sine?
  3. Korleis understrekar verkemidla kjenslene ho har?

Oppgåve 2. "Bunad 1"

Les historia om då eg-personen hadde på seg bunaden for første gong på 17. mai.

  1. I det andre avsnittet er det ein sterk kontrast mellom eg-personen sine kjensler og den reaksjonen ho får frå den gamle dama. Korleis påverkar denne kontrasten oppfatninga di av historia? Kvifor?
  2. Kva trur du eg-personen meiner med dei to siste setningane: "Så historia handlar om at mormor var ein superhelt. Nokre gonger for di skuld, men kanskje mest for mi eiga."
  3. Lag ein teikneserie av historia. Pass på at du ikkje gjer det til komikk, men får fram alvoret i den korte teksten.

Oppgåve 3. "Å reise med fly" og "Å reise med tog"

Les dei to korte tekstane "Å reise med fly" og "Å reise med tog". Diskuter i grupper:

  1. Kva kjensler blir vekte i dykk etter å ha lese desse tekstane?
  2. Korleis viser desse tekstane eg-personen sitt utanforskap?

Relatert innhald

Kjelde

Kristoffersen, K.J. (2018, 18. juni). "Vil bekjempe rasisme med ny bok: – Jeg ble slått for å gå med bunad". Henta 16.04.2020 frå https://www.nrk.no/nordland/vil-bekjempe-rasisme-med-ny-bok_-_-jeg-ble-slatt-for-a-ga-med-bunad-1.14089692

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?