Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Annleis

Korleis framstiller ei novelle og ein animert kortfilm gutar som utfordrar tradisjonelle kjønnsroller?
Transvestitt med blå hatt. Sommerparade 2002, Oslo.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Tankane dykkar om forventningar til gutar

Gå saman i grupper. Lag ein tabell som den de ser under og diskuter ut frå eigne røynsler i kvardagen. Ein er sekretær og noterer ned svar i kvar kolonne i tabellen.

Kva skal gutar gjere?

Kva skal gutar ikkje gjere?

Kva forventningar har samfunnet til korleis gutar skal sjå ut, kle seg, oppføre seg og kva dei skal vere interesserte i?

Kva forventningar har samfunnet til korleis gutar ikkje skal sjå ut, oppføre seg og kva dei skal vere interesserte i?

Del 2. Les med ein partnar

Gå saman i par. Ein av dykk skal ha rolle som "lesar", den andre som "lyttar".

Kva skal "lyttaren" gjere?

  • sitje stille og lytte
  • svare på spørsmålet lesaren stiller mot slutten

Kva skal "lesaren" gjere?

  • Les novella "Annerledes" høgt for "lyttaren" (lenkje nedst på sida). Men stopp når du kjem til det siste avsnittet. Still då spørsmålet: "No er det berre nokre få setningar igjen av novella. Kva trur du skjer?"
  • Etter at "lyttaren" har kome med forslaget sitt: Les ferdig novella.

Korleis gjekk det? Klarte lyttaren å kome med eit forslag som likna avslutninga, eller såg hen ikkje denne avslutninga komme i det heile?

Del 3. Diskuter i par

  1. Kva meiner de forfattaren ønskjer å fortelje deg som les med denne teksten?
  2. Sinnstemninga til hovudpersonen skiftar heile tida. Kor mange slike stemningsskifte (små vendepunkt) finn vi i teksten?
  3. Kjem opplysninga om at hovudpersonen er ein gut heilt overraskande, eller finn du frampeik i novella som antydar dette?
  4. Kva for ein konflikt opplever hovudpersonen? Og kva løysing på konflikten har han vald så langt i livet?
  5. Hovudpersonen reknar ikkje med at han vil møte forståing hos nokon andre for korleis han er. Har han grunn til å vere redd? Grunngi svaret dykkar.

Del 4. Ein kortfilm om kjønn og identitet

Kortfilmen Bendik og Monsteret

Skriv aleine først:

  1. Korleis viser filmen at samfunnet har spesielle forventningar til gutar?
  2. Kvifor trur du dei som har laga filmen, har sett inn eit monster som er snilt og ikkje liker å skremme?
  3. Kva meiner du er temaet i filmen?
  4. Vel eitt sitat frå filmen som du synest får fram tematikken godt.
  5. Gå saman i grupper:

  6. Diskuter spørsmål a–c.
  7. Fortel kvarandre kva for eit sitat de valde, og kvifor de valde nettopp dette.

Del 5. Samanlikn novelle og film

Sit i grupper. Ha kvart dykkar ark eller kvar dykkar PC framfor dykk. Den første delen skal de gjere utan å snakke saman.

Fullfør setningane under:

  • Eg meiner den viktigaste likskapen mellom novella og filmen er ...
  • Eg meiner den viktigaste forskjellen mellom novella og filmen er ...
  • Høgde-/vendepunktet i filmen var då ...
  • Høgde-/vendepunktet i novella var då ...
  • Det viktigaste verkemiddelet for å få fram temaet i novella er ...
  • Det viktigaste verkemiddelet for å få fram temaet i filmen er ...

Les deretter opp for kvarandre. Har de lagt vekt på det same? Diskuter og grunngi setningane de har laga.

Del 6. Skriv eit avsnitt i par

No skal de prøve dykk på å skrive i par. Målet med oppgåva er å skrive eitt avsnitt der de samanliknar eitt moment i filmen og novella. De kan velje mellom å:

  • skrive eit avsnitt der de samanliknar temaet i tekstane
  • skrive eit avsnitt der de samanliknar høgde-/vendepunktet i tekstane
  • skrive eit avsnitt der de samanliknar det viktigaste verkemiddelet i tekstane

De bestemmer sjølv kva strategi de vil velje:

  • Taktikk 1: De skriv kvar dykkar førstesetning på eit avsnitt og byter etter kvar setning.
  • Taktikk 2. De startar på kvart dykkar avsnitt, men byter ark/dokument kvart tredje minutt.
  • Taktikk 3. Ein snakkar, medan den andre skriv. Diskuter om høgtlesinga viser at språket må fiksast på somme stader.
  • Taktikk 4. Eigen taktikk som de finn på sjølv.

Bruk gjerne ressursen som er lenkja til under som modelltekst.

Del 7. Få nokon andre til å vurdere dykk

No skal de sitje med to avsnitt. Ta det avsnittet de meiner er det beste og byt med eit anna par i klassen. No skal de kommentere tekstane til kvarandre skriftleg, som om de var lærarar. Legg vekt på dette:

  • Gjer temasetninga det klart kva avsnittet skal handle om?
  • Er det brukt fagomgrep om verkemiddel der det er relevant?
  • Har setningane god oppbygging?
  • Er det brukt setningskoplarar, slik at det er god flyt mellom setningane?
  • Er samanlikningane relevante og grunngitte ved at skrivaren viser til sitat eller konkrete hendingar i novella/filmen?

Relatert innhald

Novelle om ungdom og identitet. Elevtekst.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?