Hopp til innhald

Fagstoff

Tekst og identitet

Tekstar kan gi sjølvinnsikt, trøyst og tilhøyrsle. Ein kan òg kjenne seg igjen i dei, og dei kan utfordre oppfatningar du har om deg sjølv og andre. Tekstar kan slik påverke identitetsutviklinga vår på mange måtar.
Silhuettar av to figurar mot ein skulptur utforma som ei bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein del av tekstane du les i norskfaget, har identitet som eit tema, men visste du at det du gjer i norskfaget òg kan bidra til å utvikle identiteten din? I denne artikkelen ser vi på korleis tekstar påverkar identitet.

Viss du vil lære meir om sjølve identitetsomgrepet, kan du lese fagartikkelen frå samfunnskunnskap nedst i artikkelen.

Litteraturen som spegel og vindauge

Ungdomstida kan vere ein fase der du er usikker på kven du eigentleg er eller vil vere. Fram til no har familien i stor grad definert kven du skal vere. På vegen din til å bli vaksen er det er naturleg å lausrive seg frå dei. Kanskje leitar du etter nye rollemodellar og nye fellesskap som du kan høyre til og identifisere deg med? Det kan både handle om å finne nokon som liknar på deg eller nokon du vil likne.

I litteraturen kan du møte både oppdikta eller verkelege menneske som du kan identifisere deg med. Du kan bruke livserfaringane og refleksjonane deira til å finne ut kven du er eller har lyst til å vere.

Døme frå ungdomslitteraturen

Amerikanske John Green er ein av dei mest lesne forfattarane av ungdomsbøker i dag, òg i Noreg. Faen ta skjebnen! og Skilpadder hele veien ned er romanar om vanskelege tema som psykisk helse og utanforskap.

Ein norsk bokmeldar skriv om korleis ungdomar kan kjenne seg igjen i og finne fellesskap i Greens romanar:

"Med romanene skaper han et forum, en slags klubb, der unge lesere blir innviet i en felles samforståelse. Han bygger nettverk og fellesskap ved å klebe seg til allerede eksisterende kulturelle univers."
(Straume, A.C, 2018)

Den norske forfattaren Tor Fretheim skriv òg ungdomsromanar. Han seier dette om kva han vil gi unge lesarar med boka Alltid Andrea, som tek opp temaet trankjønnsidentitet:

"For meg er det viktig å flytte ei grense i leserens liv, at noe jeg har skrevet kan hjelpe dem til å få en ny forståelse for ting, eller føle seg sett og forstått. Da har jeg jo lykkes."
(Fretheim, T. hos Norsk Barnebokinstitutt, u.å.)

Tenk over:

Korleis kan litteratur gjere at ungdomar kan føle seg sett eller forstått?

Forteljingar som mønster for identitet

Tekstar påverkar òg identiteten vår gjennom at dei gir oss mønster eller rammer som vi plasserer oss sjølve og andre inn i. Døme på dette er når vi tildeler menneske roller som heltar eller skurkar. Det gjer vi etter mønster frå tallause forteljingar der kampen mellom det gode og vonde er sentral, men er ikkje verkelege folk sine personlegdomar vanlegvis mykje meir samansette enn dette svart-kvitt-biletet?

Daniel Radcliffe som Harry Potter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi følgjer eit manus i samspel med andre

Samspelet med andre er òg viktig når identiteten vår blir forma. I dette samspelet blir vi òg tildelt roller av andre. Eit døme på dette ser vi i novella "En nesten pinlig affære" av Johan Harstad. Der prøver hovudpersonen å overleve mobbinga ved å avvise den rolla som mobbarane tvingar han inn i. Han bryt mønsteret ved å nekte å gå inn i rolla som "offer" når han skriv om det som skjer i dagbøkene sine; han skriv som om han er ein av mobbarane.

Dette illustrerer òg korleis mange ser på identitet i dag: Det er ikkje noko som er fastsett, men noko som vi finn opp og kontinuerleg skaper – akkurat som ein karakter i ein tekst?

Tenk over:

Korleis tolkar du dette sitatet frå John Greens roman Skilpadder hele veien ned?

"Jeg begynte å innse at livet er en historie som blir fortalt om deg, ikke en du forteller selv. [...] Du tror du er maleren, men du er lerretet."
(Greens, 2018)

Tekst på nett som identitetsutprøving

Den teknologiske utviklinga har òg gitt ungdomar endå større moglegheiter for å utforske, uttrykkje og utvikle eigen identitet ved å skape teksttypar av alle slag.

Det finst nettsamfunn for det meste, og på den måten er det mogleg å finne tilhøyrsle hos andre utover nærmiljøet ditt, uansett kva slags sære interesser du måtte ha.

Kommunikasjon på internett gir oss òg moglegheita til å dele erfaringar om kjensler som er vanskelege å snakke med andre om ansikt til ansikt.

Tenk over/diskuter:

  • Korleis uttrykkjer ungdomar identitet?
  • Kven er på ulike digitale plattformer (Instagram, YouTube og så vidare)? Kvifor er du og andre der?
  • Korleis kan gaming òg vere ein måte å utforske og utvikle identitet på?

"Dei andre" i litteraturen

Silhuetten av to menn som kyssar framfor regnbogeflagget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva om du ikkje finn nokon som liknar på deg, eller nokon du vil likne på i litteraturen rundt deg? Kan det gi deg kjensla av å ikkje passe inn eller at det er noko i vegen med deg?

Tekstar har ein viktig funksjon gjennom å gjere usynlege grupper synlege, ved å fortelje om menneske som har bestemde eigenskapar eller erfaringar som samfunnet tidlegare har undertrykt. Det kan vere etniske minoritetar, tranpersonar, homofile eller dei med nedsett funksjonsevne.

Å ikkje møte rollefigurar som liknar deg sjølv i kulturen, er eit sterkt signal om at den du er, ikkje er akseptert. Derfor er mange som kjempar for likeverd i samfunnet òg opptekne av representasjon, at vi skal møte menneske av alle slag i tekstar, ikkje berre dei av oss som er A4.

Kan tekstar forsterke kjensla av å vere annleis?

Den andre sida av saka er når litteraturen framhevar eit trekk ved identiteten din på ein måte som overskyggjer alle dei andre sidene ved deg. Om du til dømes er samisk, er det ikkje berre det samiske som definerer kven du er. Kva slags musikk du liker eller ein sport du bruker mykje tid på, er òg delar av puslespelet som utgjer den du er. Vi er alle samansette bilete, då treng vi òg samansette karakterar i litteraturen å spegle oss i.

Tenk over:

Kva seier dette sitatet frå Nora Ibrahims "Et sterkere vi" om tekst og identitet?

"For når jeg først så noen i norsk populærkultur som ligna på meg, ble jeg oppslukt, hørte ekstra godt etter. Jeg husker jeg ville vite hvor Maria Mena egentlig var fra, og jeg synes det var så kult at Magdi i Karpe også var fra Egypt, som meg.
[...]
Nå skjønner jeg mer av hva det handlet om. Vi har jo alle et behov for å bli speila i en fase i livet hvor vi skal finne ut hvem vi er, se noen som har opplevd eller opplever de samme problemene i hverdagen som oss, som skjønner hvordan det er å leve med to kulturer, eller som i det minste ligner litt på oss selv." (Ibrahim, 2019, s. 110)

Relatert innhald

Identitet er korleis ein person eller ei gruppe oppfattar seg sjølve eller korleis dei blir oppfatta av andre. Identiteten vår utviklar seg heile livet.

Ein tekst av Nora Ibrahim om kvifor mangfald i media er viktig. Henta frå antologien Third Culture Kids.

Litteraturliste

Norsk barnebokinstitutt. (u.å.). Kjønnsidentiteter på tvers. Henta 26. mars 2020 frå https://barnebokinstituttet.no/forskning-50/kj%C3%B8nnsidentiteter-p%C3%A5-tvers/

Eakin, P. J. (2008). Living Autobiographically : How We Create Identity in Narrative. Ithaca: Cornell University Press.

Ibrahim, N. (2019). Et sterkere vi. I Naqvi, A.R. (Red.), Third Culture Kids (s. 110–111). Oslo: Gyldendal.

Selboe, T. (2015). Hva er en roman? Oslo: Universitetsforlaget.

Straume, A. C. (2018, 14. januar). Rett i hjertet. Henta 26. mars 2020 frå Nrk.no: https://www.nrk.no/kultur/xl/anmeldelse_-_skilpadder-hele-veien-ned_-av-john-green-1.13860544

Walton, S. J. (2008). Skaff deg eit liv! Om biografi. Oslo: Det Norske Samlaget.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2020

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet