Hopp til innhald

Fagstoff

Barn og naturen

Barn skal oppleve natur. Naturen gir tilgang på varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik. Naturen endrar seg med årstidene, han gir moglegheit for undring, og han stimulerer alle utviklingsområda.
Små og store furutre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Moglegheitene i naturen

Å vere i og nytte naturen har mange fordelar. Det bidreg til allsidig utvikling, oppleving av tilhøyrsel, styrkjer konsentrasjonen og bidreg til god helse. Naturen lokkar oss til utforsking, gir oss nye oppdagingar og moglegheit til utfalde oss.

Barn lærer gjennom å nytte kroppen. Gjennom kropp og rørsle lærer dei om seg sjølve og miljøet rundt seg. Dei uttrykkjer seg gjennom kropp, rørsle, blikk, gestar og mimikk. Det er viktig at vi legg til rette for mykje kroppsleg lek og fysisk aktivitet i kvardagen. Ved å ta i bruk naturen kan vi gi barn gode motoriske opplevingar og erfaringar uansett kva ferdigheiter og ressursar dei har.

Naturen er ein fantastisk arena som gir barn førstehanderfaringar. Førstehanderfaringar er det vi erfarer gjennom bruk av sansar, som til dømes ein glatt stein, våt og kald snø og varmen frå solstrålane. Det er informasjon vi får gjennom å nytte kroppen, og det er informasjon vi treng for å kunne lære noko. Det du opplever og sansar sjølv med kroppen, påverkar kjenslene dine. Kjensler påverkar evna til å hugse. Det gir dermed erfaringar som opnar for ny innsikt og forståing – læring.

Meistringsopplevingar

Naturen er variert, og vi vil alltid finne område som passar til dei barna vi er saman med, slik at dei opplever meistring. Meistring er eit resultat av gjere og av å gjenta – øving! Naturen gir moglegheit til å gjere og gjenta og dermed moglegheit for å oppleve meistring for barn i ulik alder og med ulike motoriske ressursar. Natur stimulerer til leik, nysgjerrigheit og fantasi og bidreg til kreativitet og samspel med andre. Naturen er ein god opplevingsarena og gir oss eit allsidig og stimulerande læringsmiljø.

Undring

Barn er opptekne av detaljane i naturen. Dei beundrar den herlege variasjonen og undrar seg over det som skjer. "Kvifor er graset grønt?" "Er eit gras sterkt eller svakt?" "Kva treng gras for å vekse, kor langt kan eit strå bli?" "Kva dyr bur her?" Slike spørsmål pirrar nysgjerrigheita og kan vere utgangspunkt for undrande og filosofiske samtalar med barna. Det er viktig at vi vaksne tek oss tid og ser og undrar oss saman med barna. I samtalar med barna kan vil hjelpe dei til å sjå samanhengar og skape meining. På den måten kan vi stimulere språket til barnet og òg bidra til ny forståing.

Gode haldningar

Når barn får naturopplevingar og blir kjende med mangfaldet til naturen, opplever dei tilhøyrsel til naturen. Når barna kjenner ei slik tilhøyrsel, er det meir sannsynleg at dei utviklar respekt for naturen og haldningar til å kunne ta vare på han.

Utfordringar i naturen

I naturen er det rom for risikofylt leik. Leik som er litt skummel, men artig. Det kan vere i leik i stor høgd, med stor fart, med ulike reiskapar og element som kan vere farlege, eller boltreleik som inneber kamp. Slik leik gir spenning og fryd. Det er leik som barn oppsøkjer fordi dei har lyst. Gjennom slike typar leik lærer barn å vurdere risiko, og dei lærer å handtere det. Det gir barn ei positiv meistringskjensle.

Barn er ulike og har behov for ulike utfordringar, og i naturen finn dei det.

Klatring

Naturen gir unike moglegheiter for motorisk stimulering. Å klatre i tre gir meistringskjensle. Det aukar sjølvtilliten og styrkjer sjølvbiletet. Barn som får lov til å klatre og som får lov til å prøve seg, lærer å vurdere risiko og eigne ferdigheiter. Når dei klatrar, er dei konsentrerte og fokuserte på oppgåva. Dei lærer å vurdere kva som kan vere farleg, og kva som ikkje er farleg, og å handtere det. Dei lærer òg å vurdere kva dei kan klare og kva situasjonar dei ikkje meistrar, og som derfor faktisk kan vere farlege. Dette er uvurderleg læring som bidreg til at barn får tru på seg sjølve og eigne ferdigheiter. Det aukar òg motivasjonen til å prøve seg fram i andre situasjonar og aktivitetar. I tillegg får barna nytta sansane når dei klatrar, dei øver på koordinasjon, dei blir sterkare og får betre kroppskontroll.

Barn er progressive i klatringa si i tre. Viss dei har lite erfaring med å klatre, vil dei starte med å klatre på dei nedste greinene. Etter kvart som dei meistrar meir og blir trygge på eiga meistring, vil dei klatre høgare og høgare. Vi må gi barn moglegheit til å klatre i tre. Gjennom å øve og prøve blir barna flinkare.

Er du sjølv trygg på å klatre i tre, vil du òg gi barna større moglegheit til å klatre. Å prøve deg på litt klatring kan kanskje vere ei spennande oppgåve og utfordring for deg – så kom deg ut og opp i trea!

To jenter med hamrar og spiker byggjer på ei trehytte oppe i eit tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lage bål

Bål kan vere ein samlingsplass, ei varmekjelde eller til å lage mat på. Bål skaper stemning og fellesskap. Nokre vaksne kan synast det er litt skummelt med bål eller at barna skal nytte ulike reiskapar som kniv, sag og øks. For at du skal tore å gjere dette med barn, må du vere trygg på det sjølv. Øv deg derfor på å lage bål og på å nytte kniv og sag, slik at du blir trygg på det. Det bidreg til at barna òg blir trygge, og dei ser kva du gjer. Då vil du i større grad la barna få lov til å prøve og utforske, slik at dei kan utvikle ferdigheitene sine.

Byggje med naturmateriale

Naturmateriale gir unike moglegheiter til å byggje det vi ønskjer. Når barn byggjer hytter, lagar dei seg sitt eige rom i naturen. Dei må finne materiale som er eigna til hytta, dei må vurdere storleik og styrkje, og dei må finne ut kor mykje dei treng. Her kan dei òg realisere idéane sine. Dei er kreative og samarbeider med andre.

Lær deg å nytte tau og knyte knutar, slik at du saman med barna kan lage ulike konstruksjonar av naturmateriale. Du kan lett lage ein stige saman med dei minste barna med nokre greiner og tau.

Det går fint å la barn bli kjende med kniv og nytte han til å spikke. Du må vurdere ferdigheitene til barna, for det er klart at barn som aldri har fått lov til å halde på med kniv og spikke, ikkje veit korleis dei skal gjere det. Dette må lærast, og du må hjelpe og støtte dei ut frå dei ferdigheitene barna har. Er du trygg på bruk av kniv, vil tryggleiken din smitte over på barna. Å spikke kan kanskje vere ei spennande utfordring for deg – så ut og spikk!

Ole Brumm laga av løvetannblomstrar på bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å skape med naturmateriale og lage ulike kunstverk er gøy. Det gir gode opplevingar, glede og meistring. Barna får nytte fantasien og vere kreative, jobbe fritt i kreative prosessar og utfalde seg skapande. Dei får lære om naturmateriale, handverksteknikkar og korleis dei kan nytte ulike reiskapar. Dei kan lage ulike typar av "landkunst", skulpturar av leire og setje saman eigne komposisjonar ved hjelp av ulikt materiale. Dei kan lage ein naturvev med greiner og tau og veve dei finaste bileta av mose, lav, blomstrar, greiner og gras. Her er det eigentleg berre fantasien som set grenser.

Utfordringar til deg

  1. Kva utviklingsområde kan leik og aktivitetar i naturen stimulere?

  2. Kva tenkjer du det har å seie for barn at du er glad og trygg i naturen?

  3. Korleis vil du nytte naturen i arbeidet ditt med barn og unge?

  4. Er det lenge sidan du klatra i tre? Gå ut og prøv å klatre og kjenn korleis det kjennest!

Relatert innhald

Når du deltek i leiken, kan du støtte, inspirere og utvide leiken og hjelpe barn med å betre leikekompetansen sin.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2023

Læringsressursar

Aktivitetar