Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Land art

Land art er ei kunstform som blir utført ute i naturen, og der du berre treng å ha med deg fotoapparat – for kunsten forsvinn ofte med vinden, bølgjene eller vêret.
Land art eignar seg godt som prosjektarbeid/gruppearbeid. Her skal de byggje små og store kunstverk av det de måtte finne i naturen.
Kollasj med sju bilete som viser ulike måtar å lage kunst på i naturen.  Stein, pinnar, blad, blomstrar og fjør er nytta for å lage mellom anna menneske og ein edderkopp på bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er land art?

Land art er ei kunstform der du nyttar materiale du finn i naturen. Naturen er både kulissen og ein del av kunstverket, og derfor varer ikkje kunsten for evig. Viss du vil ta vare på han, må du altså ta med deg kamera og ta bilete av det du har laga.

Oppgåvene her kan du gjennomføre kvar som helst i naturen, når som helst på året. Det som er viktig, er at bakgrunnen til kunstverket må vere slik at kunstverket kjem tydeleg fram. Når du er ferdig, treng du heller ikkje rydde opp etter deg, sidan kunsten kan vere til glede for andre inntil vind, bølgjer eller regn har fjerna han. Men hugs at du ikkje må lage øydeleggjande spor i naturen, og til dømes ikkje bryte av friske greier på tre.

Gå saman tre–fire elevar og vel ei eller fleire oppgåver.

Oppgåve 1. Eventyr

  1. Vel eit eventyr. Les eventyret saman slik at de kan det godt.

  2. Bestem dykk for kva del av eventyret de vil lage bilete eller skulptur av. Lag gjerne ei skisse og bli samde om kva de kan nytte frå naturen.

  3. Finn materiale i naturen, og lag eit bilete eller ein skulptur som viser den delen av eventyret de valde.

  4. Ta bilete av kunstverket.

Oppgåve 2. Barnesong

  1. Vel ein barnesong og lær dykk songen.

  2. Bestem dykk for kva del av songen de vil lage bilete eller skulptur av. Lag gjerne ei skisse og bli samde om kva de kan nytte i naturen.

  3. Finn materiale i naturen, og lag eit bilete eller ein skulptur som viser den delen av songen de valde.

  4. Ta bilete av kunstverket.

Oppgåve 3. Kjensler

  1. Finn ut kva for nokre grunnleggjande kjensler vi menneske har.

  2. Vel dykk ei kjensle som de skal uttrykkje ved hjelp av materiale frå naturen.

  3. Diskuter korleis de vil få fram denne kjensla. Lag gjerne ei skisse.

  4. Finn materiale i naturen, og lag eit bilete eller ein skulptur som viser kjensla.

  5. Ta bilete av kunstverket.

Felles refleksjon

  1. Gå rundt og sjå på kunstverka til kvarandre.

    1. Finn ut kva dei andre har laga.

    2. Fortel kvarandre korleis de har tenkt under prosessen med å lage kunstverket.

    3. Gi positive og konstruktive tilbakemeldingar til kvarandre.

  2. Kva andre tema kunne de ha laga land art av?

  3. Korleis kan barn og unge få medverke i prosessar rundt land art?

Lag eit land art-aktivitet

  1. Inviter ei barnegruppe eller gjennomfør aktiviteten i praksis.

  2. Planlegg eit land art-aktivitet med ei barnegruppe, bestem sjølv aldersgruppe.

    • Kva?

    • Korleis?

    • Kvifor?

  3. Gjennomfør aktiviteten.

  4. Dokumenter aktiviteten.

  5. Vurder aktiviteten.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 09.09.2021

Læringsressursar

Aktivitetar