Hopp til innhald

Fagstoff

Å tenne bål

Bål og skogstur høyrer liksom saman. Mange seier at dei ikkje har vore på tur dersom dei ikkje har hatt bål. Bålstaden skal ofte fylle mange funksjonar. Han skal vere til hyggje og trivsel, varme kroppen og våte klede, og vere varmekjelda når vi lagar mat.
To vaksne og to barn brenner bål i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I populære turområde skal du nytte gamle bålplassar, slik at slitasjen på området ikkje blir for stor. Utbrende bålplassar er lite dekorative. Lag ikkje bål på svaberg. Berget kan sprekkje, og dermed har du sett spor etter deg som andre kan ergre seg over i hundrevis av år framover.

Hugs også reglane i friluftslova som seier at du ikkje kan tenne bål i nærleiken av skogmark i tida frå 15. april til 15. september. Du kan søkje lensmannen om dispensasjon frå reglane.

Kva du treng å ha med deg for å lage bål, varierer litt med kor mykje trening du har, og kva type bål du skal ha. Av og til kan ein be barna om å ta med ei vedskie kvar.

I nokre samanhengar kan eingongsgrillen vere praktisk, men hugs at det blir søppel som må takast med heim.

Slik lagar du bål

Lag bålet på ein stad som er tilnærma vindstille. Det er praktisk å lage bålet inntil ei nesten loddrett side av ein stor stein. Steinveggen lagar le for vinden og reflekterer varmen mot deg.

Finn først nokre store, flate steinar som du kan leggje i botnen av bålet. Grav deg 20 til 30 cm ned og dekk botnen med ein eller fleire store, flate steinar. Bygg gjerne opp ein 20 centimeter høg steinvegg rundt bålet, og tett sprekkane mellom steinane med jord, sand og småstein. Då unngår du stygge sår i naturen etter bålet. Risikoen for torv- og lyngbrann blir mindre, samstundes som steinane vil reflektere og magasinere varmen frå bålet. Då utnyttar du òg veden betre, og får glede av varmen lenger.

Etter at bålet er brent ned, kan du koke og steikje på dei glovarme steinane. Rundt dei flate steinane som dannar botnen på bålet, byggjer du opp ein kant som gir le og held veden på plass. Steinane rundt bålet kan gjerne vere flate oppå slik at du kan steikje ostesmørbrød og varme mat på dei etterpå. Ein annan måte er å lage bålet mellom to flate steinar, stokkar eller nede i ei lita grøft/grop.

Førebuingar

Å lage eit bål er ikkje berre lett. Det krev trening og erfaring. Konkurrer med deg sjølv om kor få fyrstikker du treng for å tenne bål, og kor dårlege tilhøve du kan fyre opp under. Når regnet har aust ned nokre timar, er det litt av ein kunst å tenne opp utan å nytte meir enn ei fyrstikk. Fyrstikker er bra å ha, særleg dersom dei er tørre. Ein tom filmboks er fin for å oppbevare fyrstikkene vasstett.

Dei første gule flammane

Kunsten med å lage bål er å få til dei første gule flammane. Før du tenner på, er det klokt å samle saman alle opptenningshjelpemidla i små haugar framfor deg slik at dei ligg klare.

For å få fyr kan du nytte den tørre ytste borken frå einer. Nesten like bra er dei sigarettpapirtynne ytste laget på bjørkenevra. Vidare kan du supplere med små klumpar av kvae frå furu eller gran.

Har du først fått fyr på dette, kan du nytte av den tjukkare nevra på bjørka. Tørr krekebærlyng som du finn på svaberg og store steinar, er like bra. Gråaktig tørrfuru kan òg fungere.

Er småflisene litt rå? Då kan du gni kvaeklumpen over flisene slik at dei får eit tynt belegg med kvae utanpå. Då brenn kvaa omtrent som eit stearinlys med flisa som veike. Etter kvart byrjar også flisa å brenne.

Har du fått ein god flamme no? Bra, då er tre firedelar av jobben gjort. No bør du ikkje bli for grådig. Legg berre på små mengder om gongen. La elden få godt tak i småbitane før du legg på meir. Så kjem eit viktig triks: For å få vedkubbane til å brenne, skjer du opp fliser på dei på to kantar slik at dei ser ut som eit piggsvin med pønkarsveis. Då tek flammane først tak i flisene og brenn seg innover til kubben. Dette er ein typisk finsk-samisk måte å tenne opp på. Dersom du set tre–fire slike "pønkar-kubbar" opp som ein pyramide i bålet når veden er tørr, kan du nøye deg med å tenne på ei av flisene, og så brenn snart alle kubbane.

Bål for koking og steiking

Skal du lage mat, er ein liten og effektiv varme betre enn eit stort og brasande bål.

Har du tid til det, er det best å vente med å koke og steikje mat til bålet er brent ned til ein glohaug. Då er varmen sterkast, og du unngår svarte og sota kjelar og kar, eller sur røyksmak om du steiker pølser. Kjelen hengjer du opp i ein stokk, ein kjettingstump eller set han mellom to steinar.

Har du laga bålet oppå ei steinhelle, kan du vente til bålet er brent ned, koste vekk sot og glør og steikje og koke rett på steinen.

Hjelpemiddel

  • Vanlege fyrstikker og vanleg lighter.
  • I god sol kan du få fyr ved hjelp av ei linse frå ein handkikkert, eit kikkertsikte, fotoapparat, briller eller ei lupe.
  • Det er lurt å setje eit telys i botnen av eit bål for å få fyr. Ein liten stump av eit stearinlys gjer same nytta.
  • Du kan også nytte opptenningsbrikettar som du får kjøpt i butikken. Dei kan vere spesielt hendige når vêret er rått.
  • I sportsforretningar kan du kjøpe spesialartiklar for å lage bål. Stormstikker er fyrstikker som har atskilleg meir tennmateriale enn vanlege fyrstikker. Stormlighter er spesielt laga for turbruk og skal vere enklare å tenne bål med.
  • Av rettvaksen furu kan du spikke lange fyrstikktynne pinnar, bunte dei saman og nytte dei som faklar. Skal du lage bål i regnvêr, kan du tenne opp med kvae av furu.

Bålet ein farleg herre

Det er ikkje tillate å tenne bål i nærleiken av skogsmark i tida frå 15. april til 15. september. Ver obs på at det også kan vere lokale reglar som er endå strengare. Det er ikkje utan grunn at det er forbode å gjere opp bål i dei tørraste og varmaste sommarmånadene. Etter eit bål på lyng-, mose- eller torvbotn kan det liggje og ulme i dagevis. Dersom forholda ligg til rette, kan varmen blusse opp, og store område med fin natur blir forvandla til svarte sothaugar for mange år framover.

Må du lage bål i tørre periodar, kan du nytte flate steinar langs elvar og bekker. Då kan du koste alt ned i vatnet med ei grein før du går. Ver klar over at gneistar frå bålet kan vere nok til å tenne eld mange meter unna bålet.

Utfordringar til deg

  1. Prøv ut ulike måtar å lage bål på. Skriv logg.
  2. Kvifor er det viktig at du kan å lage bål?
  3. Kvar kan du lage bål?
  4. Når kan du lage bål i skogen?
  5. Korleis bør du forlate ein bålplass?
  6. Kva treng du av utstyr for å lage bål?
  7. Mange nyttar tennvæske når dei lagar bål. Kvifor bør du lære deg å lage bål utan tennvæske?
  8. Repeter førstehjelp ved brannsår.
  9. Kva for reglar vil du lære barn når det gjeld oppførsel rundt bålet?
  10. Når bør barna få lære seg å lage bål?
CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og TBT.no AS.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Aktivitetar