Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Song, musikk og rørsle

Musikk er ei oppleving og uttrykksform. I arbeidet med barn og unge skal vi motivere dei til å uttrykkje seg gjennom musikk, dans, drama og anna skapande verksemd. Vi skal gi dei moglegheit til å oppleve og utvikle varierte uttrykksformer.
Ein mannleg barnehagetilsett med gitar og fleire små barn rundt seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Musikk gir glede

Barn må få moglegheit til å både oppleve og uttrykkje seg gjennom musikk. Musikk skaper stemningar. Vi veit at roleg musikk kan få oss til å slappe av, og at livlegare musikk kan gi oss energi. Å halde på med musikk har ein verdi i seg sjølv, fordi musikk er artig og gir oss livsglede. Det å synge, spele og danse saman skaper fellesskap og oppleving av tilhøyrsel. Musikk stimulerer òg sansane. I tillegg kan song bidra positivt for språkutviklinga til barna, og det å synge kan bidra til at vi hugsar betre. Gjennom song, dans og musikk blir òg kulturarven vår formidla.

Sang og musikk

Barnesongar

  1. Kva barnesongar hugsar du frå du var liten?

    • Lag ei liste over nokre av barnesongane du hugsar.

    • Del songane med klassen.

    • Vel dykk nokre songar, og syng desse ofte, slik at dei blir ein del av den praktiske kunnskapen dykkar.

  2. Hugsar du nokon songar med rørsler?

    • Lag ei liste over barnesongar med rørsler.

    • Del lista med klassen.

    • Vel dykk nokre songar, og syng desse ofte.

  3. Kan du nokon songar som er knytte til høgtider? Kva for nokre av desse songane vil du nytte saman med barn?

  4. Kan du nokon songleikar og klappeleikar? Kva for nokre av desse vil du nytte saman med barn?

  5. På kva måte kan musikk bidra til å formidle kultur?
  6. Korleis kan du få med barna på å synge, spele og danse? Beskriv kva du må gjere, ver konkret.

Musikk skaper stemning

  1. Finn musikk og songar som du meiner kan nyttast saman med barn i ulike aldersgrupper for å skape ulike stemningar. Tenk på ulike musikksjangrar.

    • Lag ei oversikt over kva aldersgruppe musikken vil passe for, og kva stemning du tenkjer denne typen musikk vil gi.

    • Korleis kan barna røre seg til denne musikken?

  2. Presenter musikk som betyr noko for deg.

    • Alle finn ein song som betyr noko for den enkelte. Det kan vere ein musikksjanger, ein song eller ein melodi som har rørt kjenslene dine og skapt ei spesiell stemning hos deg. Det kan vere musikk som gir deg gode kjensler, gode minne, overskot og energi.

    • Presenter for klassen. Spel musikken og fortel litt om kvifor denne musikken betyr noko spesielt for deg.

Songleikar

  • Jobb saman i ei gruppe.

  • Finn to, tre eller fleire songleikar som de øver på saman.

  • Diskuter korleis de vil formidle desse til barn slik at dei skal få lyst til å delta.

  • Gjennomfør songleikane med resten av klassen mens de har fokus på å skape glede gjennom å delta.

Musikkforteljing

Finn eit eventyr, regle eller ei kort forteljing. Fortel eller dramatiser og lag stemning ved å leggje til musikk ved hjelp av ulike lydar, tonar og rytmar. Framfør gjerne for resten av klassen.

Digital musikkpresentasjon/musikkvideo

  • Lag ein digital musikkpresentasjon for barn. Set inn fleire bilete som passar til musikken. Presentasjonen skal vare omtrent to–tre minutt.

  • Presenter for klassen.

To vaksne og fire barn sit i ein ring på golvet og held ulike musikkinstrument i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Musikkstund

Planlegg og gjennomfør ei musikkstund saman med barn. Målet med musikkstunda er at barna skal oppleve musikkglede og få uttrykkje seg gjennom musikk, song og dans.

  • Lag ein plan med oversikt over innhald, arbeidsmåtar og mål.

  • Inviter barn til skulen, og gjennomfør aktiviteten saman med dei.

  • Vurder og dokumenter aktiviteten.

  • Lag eit individuelt refleksjonsnotat etter aktiviteten, der du reflekterer over musikkstunda og di eiga rolle i gjennomføringa. Kva gjorde du for å skape tryggleik og engasjement? Kva har dei vaksne å seie for å skape musikkglede? Kva kan musikk bidra med hos barn?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2021

Læringsressursar

Aktivitetar