Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk naturen

Vi må bli trygge på å nytte naturen sjølve for at vi skal kunne inspirere barn til å nytte naturen og utfalde seg i han. Det å prøve ut og utvikle eigne ferdigheiter bidreg til at du blir tryggare, og du vil få større forståing for korleis du kan hjelpe og støtte barn i utforskinga deira av naturen.
Unge gutar smiler og pratar saman i ein park. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Konstruer med naturmateriale

Barn liker å byggje og konstruere med naturmateriale. Det kan vere fint å ha prøvd å byggje litt sjølv òg, då kan du utvikle din eigen kunnskap og ferdigheiter i korleis du kan nytte naturmaterialet. På den måten kan du ha større moglegheit til å inspirere barn til å setje i gang med slike aktivitetar. Sjå filmen Naturleikeplassen til inspirasjon, og prøv sjølv å lage ein liten lavvo, ein stige eller noko anna av naturmateriale.

  • Gå på tur og finn eit eigna naturområde.

  • Lag ulike konstruksjonar av det de finn her. Jobb gjerne saman i ei gruppe. Det er fint å ha med tau, slik at du kan nytte det i konstruksjonen. Bruk helst tau av naturfiber. Kniv er òg fint å ha med.

  • Hugs alltid å behandle naturen med respekt.

  • Ta bilete av byggjeprosessen og det ferdige produktet.

Refleksjonsspørsmål etter bygging

  1. Korleis syntest du det var å byggje med naturmateriale?

  2. Korleis jobba du for å lage konstruksjonen din? Forklar gjerne med bilete du har teke undervegs.

  3. Kva erfaringar fekk du? Fekk du nokre nye erfaringar, eller fekk du øvd meir på erfaringar du hadde frå før?

  4. Kva samanheng er det mellom øving og læring?

  5. Korleis kan du motivere barn og unge til å vere ute og nytte naturen som leikeplass? Forklar og gi døme.

  6. Korleis kan leik og utforsking i naturen bidra til trivsel og utvikling hos barn og unge?

To gutar som set opp greiner til to lavvoar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2. Utforsk naturen saman med barn

Planlegg og gjennomfør aktivitetar i naturen saman med barn. Tema for aktivitetane er natur og miljø. Barna skal oppleve naturen, utforske og lage konstruksjonar av ulike naturmateriale.

I arbeidet med barn og unge har vi nokre tankar om kva vi ønskjer å gjere, og kva vi vil med arbeidet, derfor planlegg vi. Samtidig skal vi alltid opne opp for spontanitet og improvisasjon i møte med barna, og vi skal alltid ta vare på medverknaden til barn. Å opne for tankane, idéane og uttrykka til barn i prosessen er ei haldning og ein veremåte hos vaksne. I denne oppgåva skal de lage ein plan, gjennomføre aktiviteten og vurdere og dokumentere prosessen. De skal heile tida leggje vekt på medverknad.

Finn eit område som gir moglegheit for rørsle, utforsking, fantasi og kreativitet. Inviter barn frå barnehage/SFO. Gjennomfør det de har planlagt, og vurder og dokumenter arbeidet.

  • Jobb saman i grupper på tre–fire elevar. Lag ein plan der de beskriv kva de vil gjere, korleis de vil gjennomføre aktiviteten, korleis de skal ta vare på medverknaden til barna, og kvifor de vil gjere det på den måten.

  • Gjennomfør aktivitetane saman med barna. Dokumenter undervegs.

  • Vurder prosessen. Hugs medverknaden til barn no òg.

  • Kva gjekk bra? Kva kunne de gjort annleis? Korleis tok de vare på medverknaden til barn, kunne noko vore gjort annleis rundt dette? Kva uttrykte barna? Korleis kan de nytte uttrykka, tankane og idéane til barna i vidare planlegging?

Refleksjonsspørsmål

  1. Kvifor planlegg vi arbeidet med barn og unge?

  2. Kvifor skal vi opne opp for spontanitet og improvisasjon i møte med barna?

  3. Korleis kan medverknaden til barn påverke planane våre?

  4. Kva er samanhengen mellom omsorg, motivasjon og medverknaden til barn?

  5. På kva måtar kan vi nytte naturen til å utforske og eksperimentere?

  6. Kva utviklingsområde blir stimulerte hos barn når dei leiker og er i aktivitet i naturen?

  7. På kva måte kan naturen bidra til betre helse?

Relatert innhald

Barn vil oppleve naturen, vere i han, undersøkje og forske på han. Naturen er ein naturleg leikeplass. Filmen viser korleis du nytte naturen til leik.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Aktivitetar