Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kreativitet og skaparglede

Å vere kreativ er å tenkje nytt og sjå nye løysingar. Det handlar om fantasi og førestillingsevne. I arbeid med barn og unge skal vi bidra til at barna tek i bruk fantasien sin, tenkjer kreativt og utviklar skaparglede. Korleis kan vi gjere det med praktisk-estetiske aktivitetar?

Kreativitet og skaparglede

Reflekter først åleine over dei følgjande spørsmåla. Deretter jobbar de med dei same spørsmåla i ei gruppe, og til slutt oppsummerer de felles i klassen.

  1. Kva er kreativitet?

  2. Kva er skaparglede?

  3. Kva er fordelen med å vere kreativ?

  4. Tenk tilbake til då du var barn. Kor kreativ var du då? Har kreativiteten din endra seg? Viss han har det, kvifor trur du er slik?

  5. Korleis kan du utvikle din eigen kreativitet?

  6. På kva måtar må du vere kreativ i arbeidet med barn og unge? Forklar, gi døme og grunngi.

  7. Beskriv samanhengen mellom kreativitet og

    • nysgjerrigheit

    • eksperimentering

    • utprøving

    • meistringstru

    • forsking

    • leik

    • læring

    • arbeid med barn og unge

  8. Kvifor er det viktig for kreativitet og skaparglede at vi skaper eit miljø der det er rom for å gjere feil?

  9. Kva har eit godt sjølvbilete og trygg identitet å seie for livsutfaldinga og skapargleda til barn og unge?

  10. Korleis kan vi støtte og stimulere kreativiteten og skapargleda til barn i kvardagen? Gi døme og grunngi kvifor.

Teikning av ein mann med mange idéar som strøymer ut av hovudet, i form av fargar, former og gjenstandar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Film om kreativitet

Jobb saman i ei gruppe og lag ein film om kreativitet. Filmen skal seie noko om

  • kva kreativitet er

  • kvifor kreativitet er viktig

  • korleis vi kan stimulere til kreativ tenking

  • korleis vi kan støtte utviklinga av kreativitet hos til barn og unge

Vis filmen for dei andre i klassen.

Kameralinse på toppen av fleire bilete med naturmotiv. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formingsaktivitet: kollasj

  1. Lag ein kollasj av ulike formingsaktivitetar du kan tenkje deg å gjennomføre saman med barn.

    Her kan du velje om du vil klippe og lime eller lage ein kollasj på PC. Finn bilete i blad og aviser, på nettet eller bruk eigne bilete. Set bileta saman til ein kollasj.

  2. Vel ein eller fleire av formingsaktiviteten i kollasjen. Lag ein plan for korleis du vil gjennomføre aktiviteten saman med barn. Tenk spesielt på korleis du vil støtte kreativiteten og skapargleda til barna i gjennomføringa.

  3. Gå saman i ei gruppe, del planane dykkar og bestem dykk for ein eller fleire aktivitetar de vil gjennomføre med barn. Inviter barn til skulen, og gjennomfør formingsaktiviteten saman med dei. Dokumenter og vurder prosessen.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2021

Læringsressursar

Aktivitetar