Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Råd om fysisk aktivitet og tid i ro

I mai 2022 kom Helsedirektoratet med reviderte nasjonale faglege råd om fysisk aktivitet og tid i ro. Her får du moglegheit til å bli kjend med råda, utforske skjermbruk og lage ein fysisk aktiv læringssituasjon.
Gut i blå bobledress klatrar i eit grantre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonale faglege råd

Gå inn på Helsedirektoratets nettside om generelle råd for fysisk aktivitet for barn og unge. Vel om de vil jobbe individuelt, i par eller i grupper.

  1. Skriv ned dei generelle råda for barn og unge.

  2. Under kvart råd skriv du/de ned i stikkordform:

    • praktiske råd – slik kan råda følgast

    • grunngiving – dette er rådet basert på

  3. Bruk stikkorda og prøv å gjenfortelje eitt eller fleire råd til ein medelev.

  4. Forklar og gi døme på kva det vil seie at omsorgspersonar følger barna i dei spontane aktivitetane deira og er medvite til stades saman med dei i aktivitetar.

Skjerm og fysisk aktivitet

Skjermtid blir avrådd for barn under eitt år. Frå barnet er to år bør skjermtid avgrensast til éin time dagleg, og jo mindre, jo betre. For barn mellom 6 og 17 år bør passiv skjermtid avgrensast.

Med passiv skjermtid blir meiner vi tid framfor tv, nettbrett, pc eller mobiltelefon som inneber lite eller inga form for fysisk aktivitet, rørsler eller samhandling. Med aktiv skjermbruk meiner vi til dømes spel som inneber aktivitet, spel der ein utforskar omgivnadene, eller spel som er kognitivt utfordrande.

  1. Du har fått i oppdrag å informere om dei nye råda for skjermtid til ei foreldregruppe. Vel sjølv alder på barna. Du skal òg gi foreldra tips og råd om ulike fysiske aktivitetar dei kan bruke saman med barna.

    • Lag eit notat med oversikt over kva du vil seie og informere om.

    • Lag gjerne nokre spørsmål som det er mogleg å diskutere saman med foreldregruppa.

  2. I ein foreldresamtale med foreldra til Kristine, 5 år, gir foreldra uttrykk for at ho er lite ute. Kristine synest det er meir morosamt å sitje inne framfor skjerm enn å vere saman med andre. Kva råd kan du gi til desse foreldra?

  3. Temaet barn, unge og skjermbruk engasjerer mange. Dra til ein barnehage eller SFO, og undersøk kor mykje tid barna bruker på skjerm i løpet av ein dag.

    1. Kor mykje er passiv bruk av skjerm? Gi døme på kva dei bruker skjerm til.

    2. Kor mykje er aktiv bruk av skjerm? Gi døme på kva dei bruker skjerm til.

    3. Lag forslag, med konkrete døme, for meir aktiv skjermbruk for barn i den aldersgruppa du valde å undersøke skjermbruk hos.

    4. Kvifor bør vi avgrense skjermtid?

Ungdommar med mobiltelefonar i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eiga skjermtid

Kor stor del av dagen bruker du framfor skjerm? For at du skal vere klar over at skjermtid stel tid frå både deg og dei barna du jobbar med, er det greitt å sjå på kor mykje tid du sjølv bruker framfor skjerm.

  1. Registrer og skriv ned kor mykje tid du bruker framfor skjerm i løpet av ein dag.

    1. Kor mykje tid bruker du på passiv skjermtid?

    2. Kor mykje tid bruker du på aktiv skjermtid?

  2. Kor mykje tid bruker du skjerm i læringssituasjonar?

  3. Korleis kan du redusere di eiga passive skjermtid?

  4. Har du god balanse mellom aktivitet og tid i ro?

  5. Føler du at du er avhengig av mobilen? Grunngi svaret ditt.

  6. Kvifor treng du som omsorgsperson å vere medviten di eiga skjermtid? Grunngi svaret ditt.

Fysisk aktiv læring

Fysisk aktivitet gir deg betre humør, gjer deg meir kreativ og gir deg betre minne. Det gir deg meir energi i kvardagen. Forsking viser at fysisk aktiv læring har ein positiv verknad på den fysiske aktiviteten og skuleprestasjonane til elevar. Det å vere fysisk aktiv i læringssituasjonar kan gjere at du aukar konsentrasjonen og hugsar betre.

  1. Ta utgangspunkt i at de skal lære dykk dei faglege råda for fysisk aktivitet. Jobb saman i grupper og lag ein fysisk aktiv læringssituasjon med tema: Dei faglege råda for fysisk aktivitet. Gjennomfør aktivitetane med klassen.

    Tips: Høgskulen på Vestlandet har laga nokre nyttige ressursar i arbeidet med fysisk aktiv læring som du kan bruke til inspirasjon når du lagar ein fysisk aktiv læringssituasjon.

  2. Du har fått ansvaret for å komme med forslag til korleis barn kan vere meir fysisk aktive på praksisplassen din. Skriv ned forslaga dine, og del dei med klassen.

  3. Jobb saman i gruppe, og planlegg fysisk aktivitet for barn. Vel sjølv aldersgruppe. Inviter barn til skulen eller dra på besøk i ein barnehage eller SFO, og gjennomfør aktivitetane. Dokumenter aktiviteten og vurder korleis det gjekk.

Kva kan samfunnet bidra med?

Lag eit notat der du reflekterer over kva samfunnet kan bidra med for at vi er meir fysisk aktive i kvardagen.

Kjelder

Helsedirektoratet. (2022, 9. mai). Fysisk aktivitet i forebygging og behandling. Nasjonale faglege råd. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/fysisk-aktivitet-i-forebygging-og-behandling

Høgskulen på Vestlandet. (2021, 1. februar). Forsking på fysisk aktiv læring. Samandrag av forskingsartiklar om fysisk aktiv læring. https://www.hvl.no/om/sefal/forsking-fal/

Relatert innhald

Å vere i rørsle og fysisk aktivitet er bra for oss. Det betrar den fysiske helsa, den psykiske helsa og kognitive funksjonar i hjernen.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2022

Læringsressursar

Aktivitetar