Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag bingospel

Bingo er ein morosam aktivitet som kan motivere barn til aktivitet. Målet kan vere å fylle ut eit bingobrett raskast mogleg, men òg å gi barna eitt eller fleire opne oppdrag der dei nyttar alle sansane i utforskinga.
Bingoplate med bilete av i alt 20 ulike ting ein kan finne eller sjå i nærmiljøet: sky, sykkel, fotball, bøtte, søppelkasse, pinne, benk, katt, bil, postkasse, sti, leikeplass, buss, skilt, kongle, norsk flagg, maur, fugl, blomster, stein. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag eitt eller fleire bingospel. Gjennomfør saman med barn eller saman med klassen.

Nærmiljøbingo

Bruk eit A4-ark og lag ein tabell med til dømes fem ruter loddrett og vassrett. Set inn bilete av noko de veit de vil finne i nærmiljøet. Det kan til dømes vere ulike gjenstandar, noko frå naturen og vêrfenomen (maur, pinne, sol, skyer, regn og så vidare). Skriv gjerne tekst til bileta, tilpass bokstavar og tekst til utviklingsnivået til barna. Laminer bingobretta. Då kan barna nytte tavletusjar for å krysse av, og du kan nytte bingobrettet fleire gonger.

Naturbingo

Lag bingobrett der målet er å finne ulike ting i naturen. Tilpass aktiviteten til årstida. Tema kan vere tre, dyr, insekt, planter, blomstrar, bær og så vidare eller ei blanding av alt dette.

De kan gjennomføre det ved at deltakarane kryssar av på bingobrettet når dei har funne det. De kan òg gjennomfører det ved at deltakarane finn og tek med seg ulike planter og vekstar, slik at de etterpå kan sjå på, undersøke og lære meir om desse (ikkje bruk levande vesen viss dei skal ta det med seg).

 Fire dyr i ein kollasj: kjøttmeis, rådyr, sommerfugl og rev. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aktivitetsbingo

Lag bingobrett der barn og unge skal gjennomføre ulike aktivitetar. Tilpass aktivitetane til meistringsnivået deira. Til dømes hoppe, åle, telje, sortere, teikne, danse, synge, lese, lytte, dikte, lage mat, klippe, spele spel og så vidare.

Utforskingsbingo

For å stimulere til nysgjerrigheit og utforsking i naturen kan du lage bingobrett som har oppdrag eller spørsmål som har fleire svar. Til dømes kan det vere "Finn noko du liker, synest er spennande, noko rart, mykt, hardt, som lever" og så vidare. Her er det viktig å ikkje ha bilete, for det vil styre oppdraget for mykje. Dersom du jobbar med barnehagebarn eller barn som ikkje les enno, må du lese opp oppdraget for dei.

Etter at oppdraga er utførte, kan de studere og diskutere objekta barna har funne. For å få fram refleksjonane til barna er det viktig å nytte opne spørsmål, som: "Kva liknar dette på?" "korleis kjennest det ut å ta på?"

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2024

Læringsressursar

Aktivitetar