Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fremje heilskapleg helse

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere aktivitetar som fremjar god heilskapleg helse.
Vaksen kvinne og liten gut i blå fotballgenser snakkar saman under måltidet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1

  1. Lag eit tankekart over kva du legg i omgrepet heilskapleg helse.

  2. Fyll på ulike aktivitetar som du tenkjar kan fremje heilskapleg helse på praksisplassen din.

Del 2

  1. Les igjennom casane.

  2. Korleis skal ein barne- og ungdomsarbeidar jobbe for å skape gode relasjonar med barna?

  3. For barn og unge er det viktig å snakke om kjensler, og det er viktig at du signaliserer at det er greitt å ha desse kjenslene. Beskriv korleis du vil snakke med barn og unge om kjensler, og forklar kvifor du vil gjere det på denne måten.

  4. Reflekter over kva gode relasjonar kan bidra med for den fysiske helsa.

Case 1

På praksisplassen din er det eit barn som nettopp har opplevd at foreldra har gått frå kvarandre. Barnet er svært påverka av situasjonen, og dei tilsette har vorte einige om at de skal leggje til rette dagane framover for barnet.

Case 2

På praksisplassen din er det eit barn som nettopp har opplevd at søstera døydde. Alle på praksisplassen er svært påverka av situasjonen, og de har vorte einige om å leggje til rette dagane framover for barna.

Case 3

På praksisplassen din har du observert at fleire av barna går mykje åleine og er ikkje med i leiken saman med dei andre barna. Du og kollegaene dine bestemmer dykk for å leggje til rette for aktivitetar som fremjar god heilskapleg helse for heile barnegruppa.

Case 4

Det er oppstart på praksisplassen din etter sommarferien. De har bestemt at de skal starte opp med fokus på å byggje gode relasjonar mellom dei tilsette og barna, og mellom barna, for å førebyggje mobbing.

Del 3

  1. Ta føre deg éin eller to av casane og forklar korleis du skal yte ekstra omsorg, leggje til rette for aktivitetar som fremjar god heilskapleg helse (både fysisk og psykisk) og skape gode relasjonar.

    1. Lag ein dagsplan.

    2. Grunngi val av aktivitetar ut frå kva for nokre grunnleggjande behov du vil fokusere ekstra på av omsyn til barnegruppa i løpet av dagen.

  2. Vel deg ein aktivitet og planlegg han i eit planleggingsdokument.

    • Kva skal du gjere?

    • Korleis skal du gjere det?

    • Kvifor skal du gjere det?

    • Kva treng du av utstyr?

  3. Inviter ei barnegruppe til skulen din, eller gjennomfør aktiviteten i praksis. Dokumenter og vurder gjennomføringa av aktiviteten.

  4. Gi ei fagleg utdjuping av korleis du kan jobbe med å fremje god heilskapleg helse på praksisplassen.

Relatert innhald

I dette skjemaet kan du planleggje og vurdere aktivitetar som du kan gjennomføre.

Kva er psykisk helse? Kva påverkar den psykiske helsa di, og kva er samanhengen mellom psykisk og fysisk helse?

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Aktivitetar