Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Framsyning

Ei framsyning gir barn ei kunst- og kulturoppleving. Å lage ei framsyning for barn gir deg kanskje nye utfordringar. Kanskje må du våge spranget frå å vere tilskodar til å vere på scena? Her får du høve til å setje opp ei framsyning for barn og spele ulike roller!
Ein gut speler dokketeater med ein dokke-elg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No skal de lage ei framsyning for barn. Vel sjølve kva aldersgruppe framsyninga skal passe for. Jobb saman i ei større gruppe, anten heile klassen eller delt klasse.

De vel sjølve innhaldet i framsyninga og korleis de vil gjennomføre ho. Framsyninga kan vare cirka 20–30 minutt.

  • Vel tema/eventyr/forteljing/historie for dramatisering.

  • Vurder kva form framsyninga skal ha. Skodespel, musikal, dokketeater, skuggeteater eller liknande.

  • Vel scenerommet, kvar skal de spele framsyninga? Vurder om de skal ha framsyninga i klasserommet, i barnehagen, på ein mørketur/båltur på ettermiddagstid, ved sjøen, i skogen, i ei hòle eller ein annan stad. Vurder scene ut frå kva som passar til innhaldet i framsyninga. Bruk fantasien og ver kreative.

  • Lag manus. Tenk på kva som kan skape stemning og overraskingar.

  • Finn ut kva lyd- og musikkinnslag de vil ha med for å skape dei rette stemningane.

  • Fordel roller og arbeidsoppgåver.

  • Lag kostyme.

  • Lag kulissar og rekvisittar.

  • Øv fleire gonger, så mykje at de er trygge i rollene og klare for å framføre for publikum.

  • Lag og send invitasjon til barnehage eller SFO ut frå kva aldersgruppe de har tenkt at framsyninga passar for.

  • Gjennomfør framsyninga, dokumenter undervegs.

  • Lag ei utstilling på skulen med dokumentasjon frå framsyninga.

Refleksjon

  1. Kva erfaringar fekk du av å lage ei framsyning for barn? Forklar og bruk døme.

  2. Kva opplevingar fekk barna av å delta på framsyninga dykkar?

  3. Kva tilbakemeldingar fekk de frå barna?

  4. Kvifor skal vaksne lage framsyning for barn?

  5. Korleis kan du lage ei framsyning saman med barn?

  6. Kva erfaringar får barn av å lage og delta i ei framsyning?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2021

Læringsressursar

Aktivitetar