Hopp til innhald

Fagstoff

Naturleikeplassen

Barn vil oppleve naturen, vere i han, undersøkje og forske på han. Naturen er ein naturleg leikeplass. Med enkle grep kan vi ta i bruk nærmiljøet og naturmateriale på ein morosam og kreativ måte og saman med barna skape fleire moglegheiter for leik og utforsking, spenning og utfordringar.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr naturen for deg?

  2. Kva kan leik og aktivitetar i naturen bidra til for barn og unge?

  3. Korleis kan du leggje til rette for at barn og unge får nytte naturen som ein arena for leik, undring og læring?

  4. Kva må du gjere for å vere ein god rollemodell slik at barn skal få gode opplevingar i naturen?

  5. Korleis kan du skape ein naturleikeplass?

  6. Kva verdiar, haldningar og forståingar blir skapte gjennom leik og opplevingar i naturen?

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2021

Læringsressursar

Aktivitetar